Podcast om kraftmangel

Publisert

Kraftmangel er eit hinder for næringslivet i Møre og Romsdal. Det seier regiondirektør Lene Trude Solheim. Høyr ho og Erik Espeset i Tafjord i podcasten frå fylkeskommunen.

Solheim meiner kraftsituasjonen i fylket er med på å bremse utviklinga for næringslivet.

– Vi står i fare for å miste nyetableringar og utviding av eksisterande verksemder. Det er selskap i dag som ikkje får begynne på utbyggingar fordi det ikkje er nok tilgang på kraft, seier Solheim i podkasten Frampå.

Administrerande direktør Erik Espeseth i Tafjord Kraft-konsernet, peikar på vindkraft på land som ei løysing på problemet.

– Det er det einaste som kan gi eit vesentleg bidrag for å løyse kraftfloken på ein kosteffektiv måte. Vindkraft er den rimelegaste krafta du kan bygge i dag med litt skala. Og ser vi på fylket, er det rikeleg med plassar der det går an å bygge vindkraft på land, seier Espeseth i podkasten.

Høyr heile samtalen i "Frampå" - ein podcast frå Møre og Romsdal fylkeskommune