Loading

Entreprenørskap som utviklingshjelp

Publisert:09.02.12
Rosemary Ssenabulya: MD, FUE

NHO var fødselshjelp for Ungt Entreprenørskap (UE) i Noreg og har vore med å bygd organisasjonen. John G. Bernander er med i styret i UE. I Uganda, har NHO sin samarbeidsorganisasjon FUE, hjelpa Junior Achievement Uganda (JAU) på beina, og Rosemary Ssenabulya, FUE-sjefen er aktiv i styret der. NHOs bistandssekretariat har vore tett på heile prosessen. "Vi ser dette har gjeve positive ringverknader inn i skulen her i Uganda, og som i Noreg, er det ofte jentene som leiar an!" seier Rosemary. Ho er imponert over at Junior Achievement i Uganda har greidd å nå så mange elevar på kort tid, og ser at entreprenørskap i skulen gjer noko med elevane. "No er utfordringa å følgje dei opp. Vi ser dei faktisk etablerer si eiga verksemd og på den måten er med å skape verdiar i eit land som sårt treng mange nye arbeidsplassar" Leiaren i JA Uganda, Josephine Kaleebi er også med i NHOs satsing Female Future.

Les mer

KONTAKT OSS

TIPS ANDRE

Tips andre om artikkelen ved å fylle ut og sende dette skjemaet.

Tips andre om denne artikkelen