NHO Europanytt: Framleis uvisse om USAs stål- og aluminiumstoll

Det vart denne veka semje om det reviderte medietenestedirektivet, der det blei klart at 30 prosent av innhald på strøymetenester som Netflix må vere europeiske produksjonar. Samstundes ventar Brussel i spaning på at kommisjonen i desse timar vil legge fram sitt utkast til EU sitt nye langtidsbudsjett. I USA har Noreg framleis ikkje fått fritak frå stål- og aluminiumstollen, noko ein jobbar hardt for frå fleire kantar.

#205

Jean-Claude Juncker under dagens møte i College of Commissioners. © European Union, 2018

Publisert 02.05.18

NHO Brussel

Kommisjonen: Multiannual Financial Framework
I dag la Europakommisjonen fram sitt utkast for EU sitt nye langtidsbudsjett. Det nye MFF gjer i stor grad greie for kva unionen sine prioriteringar vil vere i åra framover, og det nye budsjettet vil vere det fyrste etter Brexit. Blant rykta som svirrar vert det nemnd ei styrking av digitale program og forskings- og innovasjonsprogrammet Horisont Europa er venta å få 40-50 % meir finansiering. Les NHO Brussel sitt notat om prosessen rundt MFF her og Politico si omtale her.

INDUSTRI: Framleis uvisse om stål- og aluminiumstoll
USA meldte 1. mai at EU får ei utviding av fritaket frå stål- og aluminiumstollen fram til 1. juni. Dette tyder framleis uvisse for europeisk industri, og EU har meldt om mottiltak om fritaket ikkje vert permanent, samtidig som den stadige uvissa ikkje blei godt motteke. Noreg meiner at EØS-avtalen tilseier at Noreg ikkje skal omfattast av eventuelle mottiltak, og EU sitt eventuelle fritak vil ikkje automatisk gjelde Noreg. EU sin handelskommissær Cecilia Malmström vil halde fram sine samtalar med USA med sikte på eit permanent fritak frå tollen på stål og aluminium på høvesvis 25 % og 10 %. Les pressemelding frå kommisjonen her.

DIGITAL: Parlamentet og rådet samde om revidert medietenestedirektiv
Førre veke vart forhandlarar frå Europaparlamentet og representantar for det bulgarske formannskapet i rådet samde om reglar for audiovisuelle medietenester. Reglane vil gjelde for tradisjonelle kringkastarar og strøymetenester som Netflix. Ein av dei meir kontroversielle endringane er kravet om at 30 % av innhaldet på strøymetenester skal vere europeisk, for å ivareta det kulturelle mangfaldet i den europeiske audiovisuelle sektoren. Særskilte europeiske innhaldskvotar vil potensielt kunne gje utilsikta konkurransevridingar i marknaden, sidan europeiske strøymetenester då vil måtte operere under andre juridiske føresetnader enn til dømes amerikanske, som også vender seg til det europeiske kundesegmentet. Les meir her.

 

Denne veka i EU:

Kommisjonen: Framlegg til MFF onsdag.

Parlamentet: Budsjettkomiteen debatterer framlegg til MFF torsdag.

*******************************************************
NHO Europanytt er forfattet av NHO Brussel. Innholdet i nyhetsbrevet er opphavsrettslig beskyttet. Tilgjengeliggjøring for allmennheten utover det som følger av åndsverkloven krever NHOs forutgående skriftlige samtykke. Innholdet gir ikke nødvendigvis uttrykk for NHOs offisielle oppfatning.

Kontakt oss

Ingebjørg Harto

Direktør

NHO Brussel

Ingebjorg.Harto@nho.no
Mobil
92447160
Emmelie Odberg Rosengren

Seniorrådgiver

NHO Brussel

emmelie.odberg.rosengren@nho.no
Mobil
+32493756391
Bjørne Østrem Djukastein

Praktikant

NHO Brussel

bjorne.ostrem.djukastein@nho.no
Mobil
45296985
Edvin Nordheim Edvardsen

Praktikant

NHO Brussel

edvin.nordheim.edvardsen@nho.no
Mobil
99110008