NHO Europanytt 09.02.2018

Angela Merkel kan forhåpentlegvis halde fram som regjeringssjef i Tyskland, etter at hennar partiblokk (CDU/CSU) og sosialdemokratane landa ei regjeringsplattform denne veka. Brexit har framleis vore prega av mykje uklarheit frå britane si side. Michel Barnier og David Davis møtte kvarandre i London onsdag, for å arbeide med den potensielle avtalen om overgangsperioden. Det er stor usemje internt i Westminster over kva utfallet av Brexit faktisk vil bli, og Theresa May blei grilla i spørjetimen om landet sin posisjon ovanfor den indre marknaden og tollunionen. På kontinentet har Europa-parlamentet no vedteke ei krymping av forsamlinga, og tildelt nye seter til andre medlemsland.

Publisert 09.02.18

NHO Brussel

INSTITUSJONELT/TYSKLAND: Suksess i koalisjonsforhandlingane for Merkel. Tysklands Kristelege Demokratiske Union (CDU) med blokkpartiet CSU nådde endeleg fram til ei løysing for utforming av ein koalisjon med sosialdemokratane. Dette kjem som ei stor lettelse for EU, som er for ei sterk og stabil pro-europeisk regjering i landet. Klikk her for å lese meir og sjå fordelinga av ministrar, og her for å lese heile den 177 siders lange avtala (tysk).   

SIRKULÆRØKONOMI: Plaststrategi i fokus. Visepresident Jyrki Katainen har denne veka gjort greie for kommisjonen sin plaststrategi der han mellom anna ytra ynsket om at all emballasje skal vere gjenvinnbar innan 2030, og at ein ynskjer nye EU-standardar for plastemballasje. I dag blir mindre enn 30 % av plastavfall i EU levert til gjenvinning.  Dette uttalar han i et intervju med Euractiv, kor han også trakk fram næringslivet og forbrukarinitiativ som viktige i omstillinga. Sjå intervjuet om plaststrategi her, og les meir om saka her. 

BREXIT: Ny setefordeling vedteke i Parlamentet. Plenumsmøtet i Strasbourg vedtok onsdag den føreslegne setefordelinga i parlamentet gjeldande frå 2019. Storbritannia misser naturleg nok sine 73 seter om dei forlèt unionen, og 27 av desse blir tildelte andre medlemsland. Talet på seter blir såleis 705 mot dagens 751Eit tillegg til framlegget som omhandla moglegheita for å stille liste til val på tvers av medlemslanda blei nedstemt. Vedtaket frå parlamentet går no til rådet for avgjerd der, som igjen går tilbake til parlamentet for endeleg godkjenning. Les meir her. 

 

 

Følg oss og vårt arbeid på NHO Brussels Facebook!  

*******************************************************

NHO Europanytt er forfattet av NHO Brussel. Innholdet i nyhetsbrevet er opphavsrettslig beskyttet. Tilgjengeliggjøring for allmennheten utover det som følger av åndsverkloven krever NHOs forutgående skriftlige samtykke. Innholdet gir ikke nødvendigvis uttrykk for NHOs offisielle oppfatning.

Kontakt oss

Ingebjørg Harto

Direktør

NHO Brussel

Ingebjorg.Harto@nho.no
Mobil
92447160
Emmelie Odberg Rosengren

Seniorrådgiver

NHO Brussel

emmelie.odberg.rosengren@nho.no
Mobil
+32493756391