NHO Europanytt 10.04.2018

Denne veka deltar Stortingets energi - og miljøkomité på Energi Norges vinterkonferanse i Brussel, Noreg går til topps i ESA-rapport og i euro-sonen er det den lågaste arbeidsløysa sidan 2008.

Publisert 10.04.18

NHO Brussel

KLIMA/MILJØ: Europaparlamentet støttar plaststrategi 
Parlamentet sin miljøkomité har kome med ein resolusjon om kommisjonen sin føreslåtte plaststrategi, og det er i stor grad semje mellom dei to institusjonane om kva tiltak som kan og bør innførast for å både redusere bruk av og forhindre forsøpling av plast. Blant desse ynskjer ein ei målsetjing om at all forpakning skal vere gjenvinnbar og resirkulerbar innan 2030. Den føreslåtte plastskatten som ville gjelde i heile EU vert ikkje godt motteke, og komiteen grunngjev dette med at finanspolitikk framleis er ein kompetanse hjå medlemslanda. Les heile dokumentet her. 

BusinessEurope, som NHO er medlem av, har òg støtta det meste av innhaldet i plaststrategien, men er i likskap med parlamentet usamde i at ein bør innføre ein plastskatt. Les brev frå adm.dir Markus Beyrer her. 

TEKNOLOGI/KOMMUNALT: Wifi4EU – støtteordning for norske kommunar og fylkeskommunar 
EU rullar denne våren ut Wifi4EU, ei støtteordning der ein kan søke om tilskot til å opprette Wifi-hotspotsNoreg vert omfatta av ordninga, og det er kommunar og fylkeskommunar som vil kunne søke. Fram til 2020 skal det delast ut 120 millionar euro, og neste søknadsrunde opnar 15. mai. Søknadar vil verte handsama etter fyrstemann til mølla-prinsippet. Les meir hjå NKOM her og på EU-prosjektet si nettside her.  

ØKONOMI: Billegare transaksjonar mellom land – oppfylgjingssak 
Vi melde fredag at kommisjonen har kome med framlegg om å gjere betaling med euro, og overføringar mellom land i og utanfor eurosona, billegare. Til dømes skal det verte billegare å sende pengar frå Belgia til Bulgaria, og frå Bulgaria til Polen. Vi kan no stadfeste at kommisjonen har merkt framlegget til forordning med EØS-relevans. På den måten vil slike overføringar også kunne verte billegare for norske forbrukarar og verksemder. Det ligg endå eit atterhald i at EØS-relevansen òg må vurderast frå EØS og EFTA sine hald. Les det opphavlege forslaget her. 

INSTITUSJONELT: Noreg best i klassen ESA implementeringsrapport 
EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, la i førre veke fram den halvårlege Internal Market Scoreboard-rapporten, som vurderer kor effektivt EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein klarer å implementere EØS-lovgjeving. I rapporten kan ein lese at Noreg stadig gjer det betre enn dei resterande landa, men at implementeringsunderskotet har gått frå 0,2 til 0,5 %. Dette er likevel godt innafor målsetjinga om at ein ikkje skal overstige 1 %. Les meir her. 

ARBEID: Lågast arbeidsløyse i januar sidan 2008 
Den sesongjusterte arbeidsløysa i euro-sonen var i februar 8.5 %. Det er ned 0.1 % frå januar og ned 1.5 % frå januar 2017. Dette er den lågaste arbeidsløysa i euro-sonen sidan desember 2008, melder Eurostat. Eksempelvis ligg Tyskland på 3.5 %, Finland på 8.4 %, Italia på 10.9 %, Spania på 16.1 % og Hellas på 20.8 %. Les heile rapporten her. 

 

DENNE VEKA I EU: 

Digital Day 2018: Politisk høgnivåkonferanse arrangert av kommisjonen og det inneverande bulgarske formannskapet i rådet. Deltakarar er representantar frå nasjonale regjeringar, samt utvalde leiarar frå næringsliv og akademia. Under årets konferanse vil det bli signert erklæringar om kunstig intelligens, blokkjedeteknologi, innovasjon og e-helse. For Noreg deltar statssekretær Tommy Skjervold frå Samferdsledepartementet. Les meir her. 

Stortinget: energi - og miljøkomitéen besøker denne veko Brussel og vil og delta på Energi Norges vinterkonferanse. 

Parlamentet: Komite- og gruppemøter. 

Kommisjonen: Framlegging av revideringsforslag om forbrukarrettdirektivet, President Juncker deltar på orienteringsseminaret til den nye, tyske regjeringa og kommisjonen vil legge frem forslag som skal håndtere utfordringer knyttet til konkurranse i matkjedene 

Rådet: Uformelt møte i rådet for miljø- og klimasaker i Sofia, Bulgaria. 

 

 

******************************************************* 
NHO Europanytt er forfattet av NHO Brussel. Innholdet i nyhetsbrevet er opphavsrettslig beskyttet. Tilgjengeliggjøring for allmennheten utover det som følger av åndsverkloven krever NHOs forutgående skriftlige samtykke. Innholdet gir ikke nødvendigvis uttrykk for NHOs offisielle oppfatning. 

Kontakt oss

Ingebjørg Harto

Direktør

NHO Brussel

Ingebjorg.Harto@nho.no
Mobil
92447160
Emmelie Odberg Rosengren

Seniorrådgiver

NHO Brussel

emmelie.odberg.rosengren@nho.no
Mobil
+32493756391
Edvin Nordheim Edvardsen

Praktikant

NHO Brussel

edvin.nordheim.edvardsen@nho.no
Mobil
99110008
Bjørne Østrem Djukastein

Praktikant

NHO Brussel

bjorne.ostrem.djukastein@nho.no
Mobil
45296985