NHO Europanytt 16.03.2018

Denne veka er det oppkøyring til toppmøte neste veke, då regjeringssjefane i EU trer saman. Retningslinjene til det politiske rammeverket for forholdet mellom EU og Storbritannia blei vedteke onsdag. Kommisjonen har lansert sitt framlegg for eit europeisk arbeidstilsyn, og våre nordiske naboar ber EU ta det lugnt i arbeidet med vidare økonomisk integrering i EU.

Publisert 16.03.18

NHO Brussel

ØKONOMI: Nordisk euro-skepsis
Finansministrar i dei nordiske EU-landa, dei baltiske EU-landa, Irland og Nederland åtvarar i brevs form Eurogruppa sine finansministrar om å halde fram den økonomiske integrasjonen i EU. I brevet gjer dei greie for seks moment dei meiner talar for å vente med ei djupare økonomisk integrerering. Blant anna vert fullføring av bankunionen trekt fram, i tillegg til inkludering av EU27-land i handsaming av EMU-saker (European Monetary Union), ettersom policy her også omfattar land som ikkje er medlem i Eurogruppa. Brevet frå finansministrane kan du lese her.

ARBEIDSLIV: Kommisjonen lanserer European Labour Authority
Denne veka lanserte kommisjonen sitt framlegg for å etablere eit europeisk arbeidstilsyn (European Labour Authority – ELA). Initiativet vart fyrst omtala i Juncker sin State of the union-tale i fjor haust, og inngår i den nye sosiale pilaren i EU. Det siste tiåret er talet på EU-borgarar som anten bur eller arbeider i eit anna medlemsland nær dobla til om lag 17 millionar menneske. Tilsynet vil mellom anna leggje til rette for og sørgje for rettferdig fri rørsle av arbeidarar samt implementering av det reviderte utstasjoneringsdirektivet. Les pressemeldinga frå kommisjonen her og meir om EU sin sosiale pilar her.

INSTITUSJONELT: Opptrapping til toppmøte neste veke
Denne veka har det vore mykje aktivitet i rådsbygningane, då både konkurranserådet (COMPET), rådet for økonomiske og finansielle saker (ECOFIN) og arbeid- og sosialrådet (EPSCO) har hatt møte i forkant av toppmøtet med alle regjeringssjefane neste veke.

- COMPET: Konkurranserådet diskuterte mellom anna ein framtidig industristrategi for EU og kom med sine anbefalingar for eit slikt dokument. "Ein langsiktig strategi er viktig for å styrkje konkurransekraft, vekst og innovasjon i Europa". Les meir her.

- ECOFIN: Her vart det diskutert nye verkemiddel for å avdekke ulovleg skatteplanlegging i verksemder med virke i fleire medlemsland. Betre gjennomsiktigheit i skattesystema ved hjelp av felles informasjonsutveksling vil kunne avsløre skatteunndraging som kvart år kostar medlemsland store verdiar. Les meir om møtet her her og om skattesaka her

- EPSCO: Arbeid- og sosialrådet diskuterte mellom anna dei årlege vekst- og sysselsettingsrapportane for EU-landa. Desse diskusjonane gjev grunnlag for råd for vidare arbeid på rådet sine saksfelst, og er no aktuelt med tanke på overgang til andre fase i EU-semesteret. Meir info om møtet finn du her, landrapportane finn du her, og info om EU-semesteret her.

 

BREXIT: Utkast til ein uttredelsesavtale med UK frå kommisjonen.
I går publiserte kommisjonen sitt utkast til avtalen om Storbritannia sin uttreden av EU. Det vart òg lagt til nok ein runde med forhandlingar om overgangsperioden, og denne vil truleg strekke seg til over helga. David Davis og Michel Barnier møter kvarandre måndag, og forhåpentlegvis vil dei kunne vise til framgang etter dette møtet.

 

BEXTIT: Retningslinene til det politiske rammeverket for forholdet mellom EU og Storbritannia
På tysdag var det plenumsdebatt i parlamentet om retningslinene til rammeverket for det framtidige forholdet mellom EU og Storbritannia. Europaparlamentet sitt framlegg og tilbod til UK ein samarbeidsavtale som rammeverk for Storbritannia sitt framtidige tilhøve til EU. EU har allereie liknande avtalar med Ukraina, Israel og Marokko. Sjølv om ingen av desse kan brukast som mal, meiner fleire i Brussel og London at det juridiske formatet kan ha nok fleksibilitet til å inkludere britane, noko som vil ha store fordelar framfor å berre ha ei frihandelsavtale. 

 

*******************************************************

NHO Europanytt er forfattet av NHO Brussel. Innholdet i nyhetsbrevet er opphavsrettslig beskyttet. Tilgjengeliggjøring for allmennheten utover det som følger av åndsverkloven krever NHOs forutgående skriftlige samtykke. Innholdet gir ikke nødvendigvis uttrykk for NHOs offisielle oppfatning.

Kontakt oss

Ingebjørg Harto

Direktør

NHO Brussel

Ingebjorg.Harto@nho.no
Mobil
92447160
Emmelie Odberg Rosengren

Seniorrådgiver

NHO Brussel

emmelie.odberg.rosengren@nho.no
Mobil
+32493756391
Edvin Nordheim Edvardsen

Praktikant

NHO Brussel

edvin.nordheim.edvardsen@nho.no
Mobil
99110008
Bjørne Østrem Djukastein

Praktikant

NHO Brussel

bjorne.ostrem.djukastein@nho.no
Mobil
45296985