NHO Europanytt 17.04.2018

Denne veka tar rådet for seg problemet med matsvinn i Europa, og urettferdig handelspraksis i matforsyningskjeda er framleis på agendaen for å sikre ein europeisk minimumsstandard. I Storbritannia er det uvisse om tollunionen vil kunne gå gjennom båe hus i parlamentet, og på kontinentet pratar Merkel og Macron framleis om korleis EU skal sjå ut i framtida. I tillegg kan du lese vårt forsøk på å oppklare skilnaden mellom Rådet for den europeiske union og Det europeiske råd.

Publisert 17.04.18

NHO Brussel

MILJØ: Matsvinn i EU og trygging av matforsyningskjeda 
Rådet for landbruk og fiskeri hadde møte i går, og på agendaen var matsvinn i EU. Ministerrådet diskuterte denne saka tilbake i 2016, og denne saka kjem no opp att i form av ei løypemelding for å vurdere om implementerte tiltak har gjeve effekt. Blant desse tiltaka er både bevisstgjering av forbrukarar og meir mat unnateke frå  datomerking. Under møtet vart det diskutert kva tiltak landa har iverksett, og framleis forplikting i saka vart understreka. Det er eit uttala mål om halvering av matsvinn i EU innan 2030. 

I tillegg diskuterte miljø- og fiskerirådet kommisjonen sitt framlegg som er meint å gjere slutt på urettferdig handelspraksis i matforsyningskjeda, som me omtala førre veke. Det nye direktivet er meint å betre samordne ulike praksisar i medlemsland for å kunne sikre ein minimumsstandard på tvers av EU. Les meir her 

BREXIT: Røysting om tollunionen i det britiske parlamentet 
Denne veka kjem House of Lords sannsynlegvis til å røyste ned mange av dei føreslegne endringane i britane sin EU Withdrawal Bill. Tida vil vise Om House of Commons er samde med dei, då dei ikkje kjem til å ta for seg saka før etter lokalvalet 3. mai. Dette tyder òg at utfallet til valet kan få konsekvensar for kor mykje innverknad Theresa May har på ei endeleg røysting over tollunionen. Les meir her.

DAGENS NAMN: Rådet for den europeiske union og Det europeiske råd 

© European Union

#205

Kanskje syns du desse EU-institusjonane er vanskeleg å skilje, og namna hjelper oss ikkje langt på veg. Her kjem difor ei kort forklaring. Fyrst og fremst er det viktig å hugse på at Rådet for den europeiske union og Det europeiske råd ikkje må forvekslast med Europarådet, så her er det berre å halde tunga rett i munnen.

Rådet for den europeiske union er rådet der fagministrar møter og saman diskuterer aktuelle saker som representantar frå si regjering. Saman med Europaparlamentet utgjer Rådet for den europeiske union den lovgjevande makt i EU. I dette rådet er det ti forskjellige møtekonstellasjonar, til dømes ECOFIN som omhandlar økonomi- og finanssaker. EØS-landet Noreg har ikkje møterett, men det vert arrangert uformelle møte, og der har Noreg ei moglegheit til å få fram sine synspunkt. Deltaking her er såleis særs viktig. Formannskapet i rådet vert leia av eit medlemsland i periodar på seks månader, dette halvåret det bulgarske formannskapet.  

Det europeiske råd er der stats- og regjeringssjefar frå dei 28 medlemslanda deltar, og det er dette rådet som saman utmeislar den politiske retninga og prioriteringane til EU. Det er også denne institusjonen som legg føringar for EU sin felles utanriks- og tryggingspolitikk. Rådet vert leia av president polakken Donald Tusk. 

Om du ynskjer å lese meir om korleis mellom anna desse institusjonane fungerer kan du ta ein kikk på denne guiden frå EU sine nettsider. 

Denne veka i EU: 

Parlamentet: Plenumssesjon i Strasbourg. Personvern og Cambridge Analytica er blant det som står på agendaen. 

Rådet: Møte i rådet for utanrikssaker om Syria, Russland og Iran // Landbruk og fiskerirådet // General Affairs om den demokratiske situasjonen i Polen 

Kommisjonen: Det vert jobba med eit framlegg til lovgjeving om tryggleik for varslarar. Rapporten etter den offentlege høyringa kan du lese her

Europa: Angela Merkel og Emanuel Macron har møte for å snakke om EU si framtid.  Den franske presidenten vitjar også EU-parlamentet og vil lufte tankar om same tema. Olje- og energiminister Terje Søviknes deltar på Energy Transition Dialogue-konferansen i Berlin. 
 

******************************************************* 
NHO Europanytt er forfattet av NHO Brussel. Innholdet i nyhetsbrevet er opphavsrettslig beskyttet. Tilgjengeliggjøring for allmennheten utover det som følger av åndsverkloven krever NHOs forutgående skriftlige samtykke. Innholdet gir ikke nødvendigvis uttrykk for NHOs offisielle oppfatning. 

Kontakt oss

Ingebjørg Harto

Direktør

NHO Brussel

Ingebjorg.Harto@nho.no
Mobil
92447160
Emmelie Odberg Rosengren

Seniorrådgiver

NHO Brussel

emmelie.odberg.rosengren@nho.no
Mobil
+32493756391
Bjørne Østrem Djukastein

Praktikant

NHO Brussel

bjorne.ostrem.djukastein@nho.no
Mobil
45296985
Edvin Nordheim Edvardsen

Praktikant

NHO Brussel

edvin.nordheim.edvardsen@nho.no
Mobil
99110008