NHO Europanytt 20.02.2018

Denne veka er det komitemøte i parlamentet, og dei 27 regjeringssjefane i EU møter kvarandre til uformelt rådsmøte. Det er framleis knytt stor spenning til utfallet av Brexit-forhandlingane, og kommisjonen skipar til EU Industry Day for å diskutere utfordringar i notida og meisle ut løysingar for framtida.

Publisert 20.02.18

NHO Brussel

Multiannual Financial Framework: Denne veka vil det vere uformelt rådsmøte mellom leiarane i dei 27 gjenverande EU-landa etter brexit, der mellom anna det nye Multiannual Financial Framework vil vere på agendaen. MFF eksisterer i tillegg til EU-budsjettet, og er meint som ein strategi som omhandlar EU sine langsiktige mål, og den nye versjonen vil vere gjeldande frå 2020. President Juncker omtalar arbeidet ved å seie at "budsjett ikkje er øvingar i rekneskapsføring; det handlar om prioriteringar og ambisjonar. Dei omset framtida vår til tal". I tillegg vil Merkel, Macron og dei andre regjeringssjefane diskutere dei mykje omtala transnasjonale listene til parlamentsvalet og Spitzenkandidaten-prosessen som leiar opp til val av ny kommisjonspresident. Les meir her og om det uformelle rådsmøtet her.

BREXIT: "Bankar burde førebu på seg på det verste." Det er framleis mykje uvisse om kva utfallet av Brexit-forhandlingane vil bli, men at det er uro i fleire leirar og frykt for ei såkalla hard Brexit er ikkje til å stikke under ein stol. Styremedlem Andreas Dombret i Bundesbank kom i går med i eit dystert vêrvarsel for dei som håpar på sol, og meiner at ein kan håpe på det beste, men europeiske bankar må førebu seg på det verste. Utfallet kan då bli at det ikkje blir ein overgangsperiode der finansinstitusjonar som bankar, i tillegg til alle andre verksemder, ikkje får tid nok til å kunne omstille seg. Les meir her.

Utanriksministeren til Brussel: Utanriksminister Ine Eriksen Søreide vitjar Brussel denne veka blant anna for å møte EU sin sjefsforhandlar for Brexit, Michel Barnier. 

Høyring om revidering av gassdirektivet: ITRE-komiteen (industri, forsking og energi) vil onsdag halde ei open høyring om revidering av gassdirektivet som omhandlar felles reglar for naturgass i den indre marknaden, og fokus i høyringa vil vere forslaga om å utvide direktivet til røyrleidningar frå land utanfor EU.  Norsk gass står for ein firedel av gassforbruket i EU, og energien tilsvarar kring 10 gonger så mykje som årleg norsk energiproduksjon. Endringane vil ikkje påverke dei norske røyrleidningane frå sokkelen. Les meir om høyringa her og norsk gass her.

DENNE VEKA I EU

KOMMISJONEN: Kommisjonen arrangerer denne veka konferanse for interessentar i sirkulærøkonomien i Brussel og om industrisatsinga til EU, European Industry Day. Her vil blant anna konkurransekraft innan europeisk industri vil vere i fokus. Kommisjonen vil i tillegg gjere greie for sin industristrategi. Føremålet med konferansen er å samle europeiske interessentar for å vise fram prosjekt, samt å vere ein møtestad for å utveksle erfaringar og utarbeide visjonar for vidare arbeid. Les meir her.

RÅDET: Måndag møttest rådet for fiskeri- og landbrukssaker. Det er òg uformelt møte i ministarrådet. Sistnemnde skal diskutere komposisjonen til parlamentet etter valet i 2019 og dei politiske prioriteringane i det nye langtidsbudsjettet etter 2020 (sjå ovanfor).

PARLAMENTET: Heile veka vil det vere møte i dei ulike komiteane og arbeidsgruppene i parlamentet.

*******************************************************

NHO Europanytt er forfattet av NHO Brussel. Innholdet i nyhetsbrevet er opphavsrettslig beskyttet. Tilgjengeliggjøring for allmennheten utover det som følger av åndsverkloven krever NHOs forutgående skriftlige samtykke. Innholdet gir ikke nødvendigvis uttrykk for NHOs offisielle oppfatning.

Kontakt oss

Ingebjørg Harto

Direktør

NHO Brussel

Ingebjorg.Harto@nho.no
Mobil
92447160
Emmelie Odberg Rosengren

Seniorrådgiver

NHO Brussel

emmelie.odberg.rosengren@nho.no
Mobil
+32493756391
Edvin Nordheim Edvardsen

Praktikant

NHO Brussel

edvin.nordheim.edvardsen@nho.no
Mobil
99110008
Bjørne Østrem Djukastein

Praktikant

NHO Brussel

bjorne.ostrem.djukastein@nho.no
Mobil
45296985