NHO Europanytt 20.03.2018

Brussel førebur seg på inntoget av stats- og regjeringssjefar frå heile Europa seinare denne veka, og vi går nok ei viktig Brexit-veke i møte. Kommisjonen vil om nokre dagar kome med framlegg til korleis ein kan skattlegge digitale kjemper, og i tillegg kan du lese vår nye spalte om kjente namn i Europa-hovudstaden.

Publisert 20.03.18

NHO Brussel

INSTITUSJONELT: Toppmøte i Brussel
Stats- og regjeringssjefar frå alle EU-land kjem til Brussel denne veka for å delta på møte i det Europeiske råd. På agendaen er mellom anna Trump sine planar om høge tollsatsar på stål og aluminium og implementering av EU sin sosiale pilar, mellom anna gjennom etablering av eit europeisk arbeidstilsyn. Rådet vil etter dette tre saman i såkalla EU27-format for å diskutere Brexit, og Michel Barnier vil informere om framgangen på det området (sjå sak under). Les meir om rådet her

ØKONOMI: Digitalskatt på trappene
Kommisjonen vil snart kome med eit framlegg til skattlegging av digitale kjemper som Facebook og Google, og i motsetnad til konvensjonell skattlegging legg ein her opp til at det skal betalast skatt av omsetnad. Kva som blir skattegrunnlaget avheng av typen tenester eit selskap sel; til dømes vil reklameinntekter vere naturleg for selskap som Google, og brukarbetaling for Apple og Spotify. Satsen vil vere på mellom 1 og 5 %, og vil gjelde for dei selskapa som oppfyller omsetningskrav både globalt og i kvart einskild land. Det er likevel høgst uklart om dette vil bli vedtatt i EU. Les meir her (FT betalingsmur) og her

OECD la fredag fram ein rapport om Taxation Challenges Arising from Digitalisation. Sjå Finansdepartementet si omtale og rapporten her.

G20 sine finansministrar behandlar rapporten i desse dagar, og framlegg til konkrete, varige løysingar skal vere klare innan 2020.

BREXIT: Einigheit om overgangsperiode nådd mellom EU og UK
Som omtala i førre nyhetsbrev har Michel Barnier og David Davis brukt helga til ein siste forhandlingsrunde, og i dag kom meldinga om at dei no er einige om ein avtale for overgangsperioden. Det er no avklara at perioden ender 31. desember 2020, og ein unngår med dette ein cliff-edge Brexit; EU og UK får en lengre periode å forhandle og forberede at UK går ut av EU. For verksemdene er dette viktig. Det no er einigheit om kva rettar EU-borgarar busett i UK skal ha, og vice versa. UK vil kunne framforhandle handelsavtalar undervegs i overgangsperioden, men dei kan ikkje tre i kraft før UK formelt er ute av EU. Framleis står det att ein del arbeid, eksempelvis endeleg avklaring om grensa til Irland. Eller som Barnier seier det: "Ingenting er avklart før alt er avklart". Les Politico sin omtale her og pressemelding frå kommisjonen her.

ENERGI: Revidert gassdirektiv
Industi- og energikomiteen i parlamentetet (ITRE) vil denne veka røyste over parlamentet si innstilling til det reviderte gassdirektivet. BusinessEurope sendte førre veke eit brev til komiteen der dei ber om å utsetje behandlinga av saka, ettersom ein ikkje i tilstrekkeleg grad har rådført seg med aktørar samt at det ikkje føreligg ei dekkjande konsekvensutgreiing. Les meir om saka hjå Europarlamentet her og brevet frå BusinessEurope her

DAGENS NAMN: MICHEL BARNIER
Franskmannen Michel Barnier har lang fartstid i både fransk og europeisk politikk. Den tidlegare indre marknad og tenester-kommissæren fyller no rolla som EU sin sjefsforhandlar for Brexit. Naturleg nok er han den fyrste til å sitje i den stillinga, og eit stort ansvar er lagt på skuldrene til mannen som saman med David Davis, hans britiske motpart, skal forhandle fram forslaga om korleis Storbritannia skal forlate unionen. I Frankrike har han vore klimaminister samt utanriksminister for EU-saker under Jacques Chirac, for å trekke fram noko frå den omfattande merittlista. Barnier sat i Europaparlamentet for den kristen konservative partigruppa EPP frå 2009 fram til han vart EU-kommissær eit år seinare. No vert mannen peika på som ein mogleg etterfylgjar av Jean-Claude Juncker som president i kommisjonen, vel å merke dersom han landar Brexit.

Michel Barnier. Copyright: European Union 2011, EC - Audiovisual Services. Foto: Etienne Ansotte 

#205

Denne veka i EU:
Tripartite Social Summit: 21. mars møtest EU-institusjonar og europeiske sosiale partnerar i det som er eit dialogforum for å utveksle tankar om korleis ein kan styrke sosiale rettar for EU-innbyggjarane. EU-institusjonane ved rådspresident Tusk, kommisjonspresident Juncker og det bulgarske formannskapet vil saman leie møtet. Les meir her.

Rådet: Møte i utanriksrådet og landbruk- og fiskerirådet. General Affairs i forkant av det europeiske råd torsdag og fredag.

Parlamentet:

-        Komitemøter (m.a. ITRE)

Ei rekkje statssekretærar er i Brussel for ei samling i dag og i går med blant anna besøk til Europaparlamentet. Torsdag og fredag er Stortinget sin utanriks- og forsvarskomite i Brussel for møter med EU og NATO. 

*******************************************************
NHO Europanytt er forfattet av NHO Brussel. Innholdet i nyhetsbrevet er opphavsrettslig beskyttet. Tilgjengeliggjøring for allmennheten utover det som følger av åndsverkloven krever NHOs forutgående skriftlige samtykke. Innholdet gir ikke nødvendigvis uttrykk for NHOs offisielle oppfatning.

 

Kontakt oss

Ingebjørg Harto

Direktør

NHO Brussel

Ingebjorg.Harto@nho.no
Mobil
92447160
Emmelie Odberg Rosengren

Seniorrådgiver

NHO Brussel

emmelie.odberg.rosengren@nho.no
Mobil
+32493756391
Bjørne Østrem Djukastein

Praktikant

NHO Brussel

bjorne.ostrem.djukastein@nho.no
Mobil
45296985
Edvin Nordheim Edvardsen

Praktikant

NHO Brussel

edvin.nordheim.edvardsen@nho.no
Mobil
99110008