NHO Europanytt 23.02.2018

Surveillance Authority (ESA) godkjende denne uka ei forlenging av NOx-avtala for tidsrommet 2018-2025. Kommisjonskollegiet kunngjorde at dei oppnemner tyskaren Martin Selmayr til den nye generalsekretæren i kommisjonen og det er i dag duka for det uformelle rådsmøtet, der alle regjeringssjefar i EU utanom Storbritannia si Theresa May deltar.

Publisert 23.02.18

NHO Brussel

KLIMA/MILJØ: ESA godkjenner NOX-avtalen 2018-2025. EFTA Surveillance Authority (ESA) godkjende denne uka ei forlenging av den såkalla NOx-avtala for tidsrommet 2018-2025. Gjennom avtalen, som for fyrste gong vart inngått i 2007, får verksemder i 15 næringsorganisasjonar fritak frå NOx-avgift mot at dei tilsluttar seg miljøavtale med staten om gjennomføring av NOx-reduserande tiltak i samsvar med fastsette miljømål. NHO og dei øvrige organisasjonane har no for tredje gong gjennom ein avtale med staten forplikta seg til å bidra til at Noreg når sine utsleppsforpliktingar knytt til NOx. Les pressemeldinga frå ESA her og meir om Næringslivets NOx-fond her.

INSTITUSJONELT: House of Cards – Brussels Edition. Kommisjonskollegiet kunngjorde onsdag at dei oppnemner tyskaren Martin Selmayr til den nye generalsekretæren i kommisjonen, der han vil byrje sitt virke 1. mars. Selmayr er i dag stabssjef for Juncker-kommisjonen, og vil med sitt neste steg oppover i rekkene fylle den høgaste ikkje-valde stillinga i EU-institusjonane. Tyskaren har på humoristisk vis blitt omtala som "monsteret" av Juncker, og Selmayr sin veg til toppen blir samanlikna med hovudkarakteren i House of Cards. Les meir om arbeidet i kulissane for å sikre Selmayr jobben her og om korleis han har klatra seg til topps her.

RÅDET: Uformelt rådsmøte. Det er i dag duka for det uformelle rådsmøtet, der alle regjeringssjefar i EU utanom Storbritannia si Theresa May deltar. Emmanuel Macron har slagplanen klar, og har enno ikkje gitt opp draumen om fleirnasjonale lister til EU-valet. Den franske presidenten ynskjer også å gjere om på prosedyren for val av kommisjonspresident, det såkalla Spitzenkandidaten-systemet, og møter motstand frå EU-parlamentarikarar i fleire partigrupper. Samstundes har rådspresident Tusk skrive brev til deltakarane både om den neste "institusjonelle syklus" og om neste Multiannual Financial Framework. Les meir om Macron sin agenda her.

*******************************************************

NHO Europanytt er forfattet av NHO Brussel. Innholdet i nyhetsbrevet er opphavsrettslig beskyttet. Tilgjengeliggjøring for allmennheten utover det som følger av åndsverkloven krever NHOs forutgående skriftlige samtykke. Innholdet gir ikke nødvendigvis uttrykk for NHOs offisielle oppfatning.

Kontakt oss

Emmelie Odberg Rosengren

Seniorrådgiver

NHO Brussel

emmelie.odberg.rosengren@nho.no
Mobil
+32493756391
Ingebjørg Harto

Direktør

NHO Brussel

Ingebjorg.Harto@nho.no
Mobil
92447160
Bjørne Østrem Djukastein

Praktikant

NHO Brussel

bjorne.ostrem.djukastein@nho.no
Mobil
45296985
Edvin Nordheim Edvardsen

Praktikant

NHO Brussel

edvin.nordheim.edvardsen@nho.no
Mobil
99110008