NHO Europanytt 24.04.2018

Denne veka går ei av verdas største sjømatmesser av stabelen i Brussel, og norsk sjømatnæring er sterkt representert. Kommisjonen jobbar i høggir, og vi omtalar mellom anna trygging av varslarar og råd til lokale myndigheiter om korleis ein kan bidra til ein moderne varehandel. Parlamentet ynskjer å gjere det lettare for små og mellomstore verksemder å selje produkta sine på nett, og i Storbritannia diskuterer ein stadig spørsmålet om medlemskap i tollunionen.

#205

© Innovasjon Norge

Publisert 24.04.18

NHO Brussel

BREXIT: Heilomvending om tollunionen?
Theresa May står ovanfor eit potensielt opprør i eige parti med bakgrunn i spørsmålet om medlemskap i tollunionen. Partifellar førebur seg no på å stikke kjeppar i hjula for regjeringa sitt utkast til utmeldingsavtalen, då det først vart signalisert frå Downing Street at Storbritannia likevel kan verte med i tollunionen etter utmeldinga frå EU. Dette vart fort dementert. Uansett er situasjonen rundt tollunionen og Nord-Irlands spørsmålet ei heit potet båe i det britiske parlamentet og i samtalane med EU. Les heile saka her.

ARBEIDSLIV: Kommisjonen vil trygge varslarar i heile EU
Europakommisjonen la i går fram eit framlegg til felles reglar i EU for å trygge rettsvernet til varslarar. Det er i dag stor skilnad på medlemslanda når det kjem til regulering på dette området, og somme av medlemslanda har inga lovgjeving som tryggar varslarar i det heile. I den vidare grunngjevinga for framlegget vert det peika på nylege saker (som dieselgate i Tyskland) der varslarar har ført lyssky verksemd inn i offentlegheita sitt lys. I fylgje kommisjonen har dårleg rettsvern for varslarar i tillegg negative konsekvensar for den indre marknaden, og såleis også EU som heilskap. Kommisjonen har berekna at berre innan offentlege anskaffingar er det snakk om eit tap på mellom 6 og 10 milliardar euro på grunn av dårlege eller mangel på rettar for varslarar. Framlegget skildrar mekanismar og forpliktingar for arbeidsgjevarar med meir enn 50 tilsette eller omsetnad på over 10 millionar euro, som mellom anna inneber godt kjende rapporteringskanalar, internkontroll og hindring av gjengjelding. Dei nye reglane er meir omfattande enn norsk lovgjeving. Les pressemeldinga frå kommisjonen her og kommuniké her.

VAREHANDEL: EU med råd til lokale myndigheiter
Førre veke publiserte kommisjonen ei rekkje råd til lokale myndigheiter i medlemslanda om korleis ein kan legge til rette for at varehandelen igjen kan bidra til levende lokalsamfunn og sentra. Tiltaka er godt nytt for gründerar, då dei anbefaler å gjere etableringsprosessen kortare og enklare, og redusere restriksjonar på den daglege drifta av butikkar. Varehandelen er den nest største tenestesektoren i EU, og står for 8,6 % av alle jobbar i unionen. Lovgjeving og rammevilkår for dei som driv eller vil drive i denne sektoren har ikkje halde tritt med den auka digitaliseringa, vert det sagt. Les guiden og omtale her.

TRANSPORT/POST: Billigare med pakkepost i EU
Europaparlamentet har vedteke at det skal verte billegare å senda pakker over grenser, og at oversynet over pakketrafikken skal vere meir oversiktleg. Dei nye reglene lèt forbrukarar og føretak, spesielt SMBar, lettare selje produkt på nett, for så å kunne sende dei ut billegare og tryggare internt i EU. Det nye regelverket trer i kraft januar 2019. Les meir om saka her, og sjå kommisjonen sitt opphavlege framlegg.

 

Denne veka i EU:

Parlamentet: Komitémøte. Høgnivåkonferansen Shaping our Digital Future vert avhalde denne veka, der relevante aktørar vil diskutere utfordringar og moglegheiter for europearar i eit digitalt Europa.

Rådet: Møte i Eurogroup og uformelt ministermøte i økonomi- og finansrådet. Statssekretær Geir Olsen deltar på sistnemnde. NB: sysselsetjingsraten i EU til nytt toppnivå i 2017. Les meir her.

Kommisjonen: Seinare i veka er det venta framlegging av tredje datapakke. Her er det venta lovframlegg som omhandlar transparens i kontrakter, urettferdig forretningspraksis i forholdet mellom plattformar og verksemder, i tillegg til ei strategimelding om kunstig intelligens (AI) og ei om falske nyhende. I tillegg er det venta framlegging av Company Law Package.

Brussel:Seafood Expo Global 24.-26. april – ei av verdas største sjømatmesser går av stabelen, som betyr at det er svært mange nordmenn frå sjømatnæringa i byen denne veka. Sjømat Norge har fleire arrangement på messa og er vertskap for næringskomiteen på Stortinget på Expo i dag. Fiskeriminister Per Sandberg vitjar tilstelninga.

*******************************************************
NHO Europanytt er forfattet av NHO Brussel. Innholdet i nyhetsbrevet er opphavsrettslig beskyttet. Tilgjengeliggjøring for allmennheten utover det som følger av åndsverkloven krever NHOs forutgående skriftlige samtykke. Innholdet gir ikke nødvendigvis uttrykk for NHOs offisielle oppfatning.

Kontakt oss

Ingebjørg Harto

Direktør

NHO Brussel

Ingebjorg.Harto@nho.no
Mobil
92447160
Emmelie Odberg Rosengren

Seniorrådgiver

NHO Brussel

emmelie.odberg.rosengren@nho.no
Mobil
+32493756391
Bjørne Østrem Djukastein

Praktikant

NHO Brussel

bjorne.ostrem.djukastein@nho.no
Mobil
45296985
Edvin Nordheim Edvardsen

Praktikant

NHO Brussel

edvin.nordheim.edvardsen@nho.no
Mobil
99110008