NHO Europanytt 27.02.2018

Denne veka spissar debatten om "Spitzenkandidaten" seg til mellom Juncker og Tusk, NHO leverer sine innspel til regjeringa sin Europa-strategi og BusinessEurope fyller 60 år. Jeremy Corbyn gjev greie for meiningane til opposisjonen om Brexit og Michel Barnier brifar EU27-ministrane om framgangen i forhandlingane om Brexit.

Publisert 27.02.18

NHO Brussel

INSTITUSJONELT: Spitzenkandidaten eller ei? I 2019 går EU inn i ein ny politisk syklus, og det er framleis ikkje semje om korleis valet av ny kommisjonspresident skal gå føre seg. Denne problemstillinga har brygga opp til å bli ei konflikt mellom rådet på eine sida og kommisjonen med parlamentet i ryggen på den andre. Korleis valet av kommisjonspresident skal gjerast går ikkje klart fram av EU-traktatane, då rådet berre er nøydd til å ta resultatet av parlamentsvalet "i betraktning". Dette vert tolka forskjellig av kommisjonen og rådet sine juristar. Les meir om konflikta mellom institusjonane og disputten mellom kommisjonspresident Juncker og rådspresident Tusk her.

BUSINESSEUROPE: BusinessEurope fyller 60 år, og jubilanten vil bli feira på den årlege BusinessEurope Day denne veka. Organisasjonen er europeisk næringsliv sitt talerøyr overfor EU-institusjonane, og NHO som norske medlem deltar aktivt i BusinessEurope sine mange arbeidsgrupper og komitear. I forbindelse med jubileet kjem BE med eit Statement of Values som skal skildre sentrale verdiar i arbeidet for europeisk næringsliv. Dokumentet vil du kunne lese i nyhetsbrevet fredag.

UFORMELT TOPPMØTE: Brexit og konsekvensar for EU sitt langtidsbudsjett. Då EU27 møttest førre fredag var det nye Multiannual Financial Framework (MFF), EU sitt langtidsbudsjett, på agendaen for å diskutere korleis ein skal dekke inn Storbritannia sitt bidrag på 90 milliardar euro etter at øynasjonen trer ut av unionen. På toppen av denne summen kjem utgifter til nye prioriteringar som er komne frå medlemsland på om lag 100 milliardar euro. Somme ser på det nye MFF som ein moglegheit til å tenke nytt om EU sine prioriteringar i sine budsjett, men det herskar lite tvil om at kutta vil vere mest drastisk for Common Agricultural Policy (CAP) og strukturfonda. Sistnemnde har til hensikt å bidra til økonomisk utjamning i EU. Det er stor skilnad på kor mykje kvart medlemsland bidrar til EU-budsjettet, og berre 11 av 28 er netto bidragsytarar. Les meir om MFF-debatten her og BBC si framstilling av EU-budsjettet her

NHO: Innspel til regjeringa sin Europa-strategi. Regjeringa arbeider no med ein ny strategi for samarbeidet med EU dei tre neste åra, og NHO har no kome med sine innspel til korleis norske myndigheiter bør jobbe opp mot EU. Les NHO Brussel sin kommentar her og innspela i sin heilskap her.

 

DENNE VEKA I EU

RÅDET: Rådet for general affairs  møtest for å diskutere dei gjenverande problema knytte til Brexit, overgangsperioden og artikkel 50 . Michel Barnier brifar òg EU27-ministrane om tilstanden i Brexit-forhandlingane.

PARLAMENTET: Plenumssesjon i Brussel.

BREXIT: I går starta ei ny runde formelle forhandlingar på teknisk nivå om overgangsordninga. Labour-leiaren Jeremy Corby ga ein pressemelding om opposisjonen si meining om Brexit-forhandlingane. Tysdag gjer Theresa May si etterlengta tale om regjeringas visjon for det framtidige EU-UK forhaldet.

Torsdag dreg rådspresident Donald Tusk til London for å møte Theresa May. Dei skal freiste å finne ut kor dei står i forhandlingane reint politisk, og i kva grad ein avtale om overgangsperioden vil rekkja å falla på plass før det viktige toppmøtet  22.-23. mars som skal munne ut i einigheit.

 

*******************************************************

NHO Europanytt er forfattet av NHO Brussel. Innholdet i nyhetsbrevet er opphavsrettslig beskyttet. Tilgjengeliggjøring for allmennheten utover det som følger av åndsverkloven krever NHOs forutgående skriftlige samtykke. Innholdet gir ikke nødvendigvis uttrykk for NHOs offisielle oppfatning.

Kontakt oss

Ingebjørg Harto

Direktør

NHO Brussel

Ingebjorg.Harto@nho.no
Mobil
92447160
Emmelie Odberg Rosengren

Seniorrådgiver

NHO Brussel

emmelie.odberg.rosengren@nho.no
Mobil
+32493756391
Bjørne Østrem Djukastein

Praktikant

NHO Brussel

bjorne.ostrem.djukastein@nho.no
Mobil
45296985
Edvin Nordheim Edvardsen

Praktikant

NHO Brussel

edvin.nordheim.edvardsen@nho.no
Mobil
99110008