NHO Europanytt: Erna Solberg møter EU-toppar i Brussel

Denne veka er statsministeren i Brussel for å diskutere Noreg i Europa, med blant anna president Juncker og visepresident Timmermans.

#205

Equinor på Deep Decarbonization Towards 2050. Foto: NHO Brussel

Publisert 05.06.18

NHO Brussel

 

 

EU Sustainable Energy Week: Stort potensial for kutt i transportsektoren
I samband med EU Sustainable Energy Week og klimavegkartet til kommisjonen fram mot 2050, har NHO vore med og bidrege til eit seminar om kva som kan gjerast for å redusere utslepp frå transportsektoren. Dette er viktig for oss, og mange andre transportaktørar i Noreg. Transportnæringa står i dag for ein stor del av dei totale utsleppa, men som det vart presentert på seminaret ser framtida lovande ut med fleire satsingar på utsleppsreduksjon og energieffektivitet.

ARBEIDSLIV: Parlamentet godkjenner endringar i utstasjoneringsdirektivet
Europaparlamentet vedtok i førre veke ei revidering av utstasjoneringsdirektivet. Endringa bygger på prinsippet "lik løn for likt arbeid på same stad", med ei tidsavgrensing på 12 månader (med moglegheit for 6 mnd. forlenging), og omfattar ikkje internasjonal vegtransport då dette vert regulert særskilt. Medlemsland vil kunne allmenngjere tariffavtalar for utsendte arbeidarar, og desse vil også ha rett til dekking av reise, kost og losji. NHO meiner tidsavgrensinga er blitt for snever, og vil hemme moglegheiter verksemder har til å handtere variasjonar i marknaden og arbeidskraftsbehov. Les meir her.

ØKONOMI: Merkel og Macron for ei sterkare eurosone
Etter lang ventetid har Angela Merkel svara på Emmanuel Macron sitt framlegg om ei reformering av eurosona, for å styrke valutaen mot ei ny krise og samstundes inkludere fleire land i euroområdet. Forbundskanslar Merkel gjekk lenger enn venta i å vere samd med Macron, og Frankrike ser på utspelet som eit godt utgangspunkt for vidare samarbeid i reformeringa av den økonomiske og monetære union. "Solidaritet må aldri leie til ein gjeldsunion, men må kome i form av hjelp til sjølvhjelp" sa Merkel i eit intervju (tysk). Les heile saka her.

FORSVAR: Tyskland støttar president Macron-plan om ei militær EU-styrke
Tyskland sin forbunskanslar Angela Merkel støttar den franske presidenten sitt framlegg om ei felles og sameint europeisk militær styrke, som kan bidra i konfliktramma område rundt om i verda. Merkel legg til at dette også bør vere opent for Storbritannia etter Brexit. Les meir om framlegget her.

DENNE VEKA I EU:

Regjeringa: Statsminister Erna Solberg vitjar Brussel tysdag for å ha møte med president i Europakommisjonen Jean-Claude Juncker, fyrste visepresident Frans Timmermans og rådspresident Donald Tusk. Tema for møta er mellom anna regjeringa sin nye EU-strategi, norsk handels- og tryggingspolitikk og Brexit. Juncker og Solberg vil halde ein felles pressekonferanse tysdag (17.00). Erna Solberg vil også bli intervjua av Politico, som kan sjåast her (16.00).

Rådet: Møte i rådet for transport, telekommunikasjon og energi, med mellom anna avfallshandtering i hamner og arbeid/kviletid for yrksessjåførar på agendaen.

Kommisjonen: Presenterer denne veka framlegg for Connecting Europe, Horizon Europe og Single Market i langtidsbudsjettet MFF.

Parlamentet: Komite- og gruppemøter. Indre marknad-komiteen røystar om fri flyt av ikkje-personleg data, og transportkomiteen om fyrste mobilitetspakke.

© European Union, 2018

#205

 

******************************************************* 
NHO Europanytt er forfattet av NHO Brussel. Innholdet i nyhetsbrevet er opphavsrettslig beskyttet. Tilgjengeliggjøring for allmennheten utover det som følger av åndsverkloven krever NHOs forutgående skriftlige samtykke. Innholdet gir ikke nødvendigvis uttrykk for NHOs offisielle oppfatning. 

Kontakt oss

Ingebjørg Harto

Direktør

NHO Brussel

Ingebjorg.Harto@nho.no
Mobil
92447160
Emmelie Odberg Rosengren

Seniorrådgiver

NHO Brussel

emmelie.odberg.rosengren@nho.no
Mobil
+32493756391
Bjørne Østrem Djukastein

Praktikant

NHO Brussel

bjorne.ostrem.djukastein@nho.no
Mobil
45296985
Edvin Nordheim Edvardsen

Praktikant

NHO Brussel

edvin.nordheim.edvardsen@nho.no
Mobil
99110008