NHO Europanytt: EU legg fram tredje mobilitetspakke

Denne veka kjem EU si tredje transportpakke, og Europaparlamentet lar ungdom reise gratis for å utforske kontinentet!

#205

© European Commission

Publisert 15.05.18

NHO Brussel

TRANSPORT: Del 3 av EUs mobilitetspakke kjem onsdag
Onsdag kjem den tredje og siste delen av Kommisjonen si Mobility Package, ei samling av initiativ for styringa av den kommersielle transportnæringa i EU. Den tredje pakka inneheld framlegg om CO2 –standardar for tungtransport, digitalisering av transportdokument og realisering av ny teknologi. Les meir her.

INSTITUSJONELT: Dragkampen om langtidsbudsjettet er i gang
Måndag var det møte i General Affairs-rådet. Der gjorde EU sin brexit-forhandlar Michel Barnier greie for status i samtalane med Storbritannia. Elles på agendaen var EU sitt nye langtidsbudsjett, der medlemslanda sine respektive ministrar fekk ytre sine tankar om framlegget. Naturleg nok vart ikkje siste ord sagt i den saka, då utforming av rammeverket er eit tidkrevjande arbeid. Les meir her.

UNG/REISE: No skal ungdom få reise gratis og utforske Europa
Eit initiativ frå Europaparlamentet skal gje ungdom gratis togbillettar slik at dei skal få utforske kontinentet. Mellom 20 000 og 30 000 18-åringar vil få høvet i år, og i framtida vil det verte endå fleire. Kvar og ein europeisk innbyggjar som fyllar 18 år innan 1. juli kan søke om fyrste runde med billettar mellom 12. og 26 . Juni. Deltakarane vil kunne reise inntil 30 dagar i opptil 4 EU-land. Les meir her.

EFTA: EU-parlamentarikarar møttest i Norge
Medlemmer av Europaparlamentet og parlamentarikarar frå EFTA-landa møttest i Noreg forrige veke for å diskutere brexit og EØS, cybersikkerhet, energiunionen og EUs tredje mobilitetspakke. Les meir om utfallet av møtet her.

Denne veka i EU:

Europaparlamentet: Debatt om plaststrategien i miljøkomiteen

Kommisjonen: Legg fram pakker om energiunion/klima/tredje mobilitetspakke og utdanningspakke.

Rådet: EU Vest-Balkan-toppmøte i Sofia, Bulgaria for å styrke samarbeidet mellom unionen og seks vest-baltiske land. Les meir her.

Regjeringa: Samferdselsminister Ketil Solvik Olsen var i Brussel måndag og deltok på møte i Road Alliance, ei samanslutning av 9 europeiske land som arbeider for utvikling av transportnæringa i Europa.

Fotograf: Francois Lenoir 
© European Commission

#205

DAGENS NAMN: Violeta Bulc
EUs kommissær for transport er Slovenia sin kommissær til EU og var tidligere vise-statsminister i det aust-europeiske landet.

Ho har lang fartstid i næringslivet, og har hatt toppstillingar i mellom anna Telekom Slovenia. Les oppdraget hennar frå president Juncker og om ansvarsområda her.

Kontakt oss

Ingebjørg Harto

Direktør

NHO Brussel

Ingebjorg.Harto@nho.no
Mobil
92447160
Emmelie Odberg Rosengren

Seniorrådgiver

NHO Brussel

emmelie.odberg.rosengren@nho.no
Mobil
+32493756391
Edvin Nordheim Edvardsen

Praktikant

NHO Brussel

edvin.nordheim.edvardsen@nho.no
Mobil
99110008
Bjørne Østrem Djukastein

Praktikant

NHO Brussel

bjorne.ostrem.djukastein@nho.no
Mobil
45296985