NHO Europanytt: Facebook-høyring i Europaparlamentet

Denne veka har det vore Facebook-høyring i Europaparlamentet, Brexit-møte i EØS-rådet, EU slår tilbake mot Amerikanske sanksjonar og Europakommisjonen seier ja til gjenbruk av vatn og nei til engangsplastikk.

#205

Ekstraordinært møte i Europaparlamentet med CEO og grunnlegger av Facebook, Mark Zuckerberg. Fotograf: Daina le Lardic. ©European Union, 2018, European Parliament

Publisert 23.05.18

NHO Brussel

TEKNOLOGI: Facebook-høyring i Europaparlamentet. CEO og sjef for Facebook, Mark Zuckerberg, deltok tysdag i ei høyring i Europaparlamentet. Høyringa dreia seg om Cambridge Analytica-skandalen, der selskapet gjennom Facebook tileigna seg sensitiv informasjon om millionar av menneske (ca. 2,8 millionar europearar), til bruk i politiske kampanjar knytte til det amerikanske presidentvalet i 2016. Les og høyr meir om saka her, og reaksjonane her.

EØS: EØS-rådet diskuterer ESA og Brexit
Onsdag trer i Brussel EØS-rådet saman for 49. gong. EØS-rådet er det øvste samarbeidsorganet mellom EU og EØS/Efta-landa. For Noreg deltar utanriksminister Ine Eriksen Søreide, og på agendaen står mellom anna resolusjonar om "work-life balance" og ein rettferdig vegtransportsektor. Meir om EØS-rådet kan du her, og morgondagens møte her.

HANDEL: EU slår tilbake mot amerikanske sanksjonar
Europakommisjonen har aktivert ei såkalla "blocking statute", som forbyr europeiske verksemder å rette seg etter USA sine sanksjonar mot Iran. EU har framleis ikkje fått permanent fritak frå president Trump sin toll på stål- og aluminium, og handelsrådet diskuterte i dag mottiltak som trer i kraft juni dersom ikkje USA gjev endeleg fritak. Les meir frå kommisjonen her og om mottiltaka her

MILJØ: Ja til gjenbruk av vatn og nei til eingongsplast
Europakommisjonen kjem denne veka med framlegg som omhandlar bruk av eingongsplast til emballasje og eit framlegg om gjenbruk av avfallsvatn.

 

DENNE VEKA I EU:

EU Green Week: eit seminar for idémyldring for eit betre og grønare bymiljø i Europa.

Regjeringa: utanriksminister Ine Eriksen Søreide er i Brussel for å presentere den nyleg framlagde Europa-strategien onsdag.

Europaparlamentet: Mark Zuckerberg deltar i høyring tysdag.

Europakommisjonen: Waste Water Reuse- og Single Use Plastics-framlegg.

EU sitt personvernregelverk GDPR trer i kraft fredag.

 

 

******************************************************* 
NHO Europanytt er forfattet av NHO Brussel. Innholdet i nyhetsbrevet er opphavsrettslig beskyttet. Tilgjengeliggjøring for allmennheten utover det som følger av åndsverkloven krever NHOs forutgående skriftlige samtykke. Innholdet gir ikke nødvendigvis uttrykk for NHOs offisielle oppfatning.

 

Kontakt oss

Ingebjørg Harto

Direktør

NHO Brussel

Ingebjorg.Harto@nho.no
Mobil
92447160
Emmelie Odberg Rosengren

Seniorrådgiver

NHO Brussel

emmelie.odberg.rosengren@nho.no
Mobil
+32493756391
Edvin Nordheim Edvardsen

Praktikant

NHO Brussel

edvin.nordheim.edvardsen@nho.no
Mobil
99110008
Bjørne Østrem Djukastein

Praktikant

NHO Brussel

bjorne.ostrem.djukastein@nho.no
Mobil
45296985