NHO Europanytt: Nytt såkornfond for start-up-verksemder

SINTEF lanserer nytt fond som vil investere i og utvikle nye bedrifter, med hjelp frå EU.

#205

© Wil Lee-Wright/Technoport

Publisert 12.06.18

NHO Brussel

FORSKING: SINTEF oppretter såkornfond for start-up-verksemder
SINTEF har oppretta eit fond på 500 millionar kroner for start-up-verksemder, med hjelp frå blant anna European Investment Fund. Målet er å utvikle nye og levedyktige teknologiverksemder. Les meir om saka her.

UTDANNING: ESA støttar norske psykologistudentar i utlandet
EFTA sitt overvakingsorgan ESA melder i dag at dei innleier ei formell sak mot Noreg for mogleg brot på EØS-avtalen. Det heile botnar i studentar sine rettar, og i dette tilfellet norske psykologistudentar i Ungarn. Uteksaminerte studentar kunne fram til april 2016 søke om autorisasjon, men denne praksisen vart stoppa utan forvarsel. Samstundes vurderer ESA klager frå norske psykologistudentar i Polen, Spania, Litauen og Nederland. Les pressemeldinga her.

HANDEL: Vegen vidare etter G7-toppmøte
BusinessEurope, der NHO er medlem, vil denne veka møte handelskommissær Cecilia Malmström for å fremje europeisk næringsliv sitt syn på dei pågåande handelsutfordringane. Toppmøtet i helga gjorde ikkje utfordringane for europeisk næringsliv mindre. Politico skriv no om statsleiarar som ikkje lenger vil godta urettmessige tiltak grunngjeve med trygging av amerikansk industri. Les meir frå Politico her.

ENERGI: Rådet einige om regulering av ACER
Energirådet handsama måndag kva rolle det europeiske energiregulatorbyrået (ACER) skal ha i den europeiske energimarknaden. Byrået vart oppretta i 2011 og bidrar til betre samhandling mellom europeiske energiregulatorar på tvers av landegrensene. I den vedtekne posisjonen vert det understreka at nye mynder og kompetansar ikkje skal gjevast til byrået utan støtte frå eit tilstrekkeleg tal av medlemslanda. Les meir her.

BREXIT: Kritisk veke for Theresa May og Brexit
Vi går no inn i nokre kritiske dagar for Theresa May og hennar regjering. Det skal nemleg røystast over mange viktige saker i det britiske parlamentet, og utfallet kan bli skjebnesvangert for Brexit. Les meir her.

DENNE VEKA I EU:

Kommisjonen: Mandag møttest EU sin sjefsforhandlar for Brexit, Michel Barnier, sin kollega og motpart David Davis for å diskutere innspurten av Brexit-forhandlingane.

Rådet: Møte i transport, telekommunikasjon og energi-rådet måndag.

Parlamentet: Plenumssesjon i Strasbourg – agenda her. Parlamentarikarane skal mellom anna diskutere eit felles regelverk for dronar i EU.

Regjeringa: Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø til Brussel for å delta på Norway Day

 

*******************************************************
 NHO Europanytt er forfattet av NHO Brussel. Innholdet i nyhetsbrevet er opphavsrettslig beskyttet. Tilgjengeliggjøring for allmennheten utover det som følger av åndsverkloven krever NHOs forutgående skriftlige samtykke. Innholdet gir ikke nødvendigvis uttrykk for NHOs offisielle oppfatning.

Kontakt oss

Ingebjørg Harto

Direktør

NHO Brussel

Ingebjorg.Harto@nho.no
Mobil
92447160
Emmelie Odberg Rosengren

Seniorrådgiver

NHO Brussel

emmelie.odberg.rosengren@nho.no
Mobil
+32493756391
Bjørne Østrem Djukastein

Praktikant

NHO Brussel

bjorne.ostrem.djukastein@nho.no
Mobil
45296985
Edvin Nordheim Edvardsen

Praktikant

NHO Brussel

edvin.nordheim.edvardsen@nho.no
Mobil
99110008