NHO Europanytt: EU vil redusere marin forsøpling

Denne veka vil EU redusere marin forsøpling, budsjettpostane i MFF kjem i detalj og det er framleis uvisse om regjeringsskipinga i Italia.

#205

© picture-alliance

Publisert 29.05.18

NHO Brussel

MILJØ: Kommisjonen vil redusere marin forsøpling. Europakommisjonen kom i går med framlegg til nye EU-reglar for å redusere marin forsøpling, som plastavfall står for 80 % av. Blant tiltaka finn ein forbod mot somme plastprodukt som sugerøyr, eingongsbestikk og rørepinnar. I tillegg ynskjer dei at medlemslanda skal setje seg mål om redusert plastavfall. Les pressemelding frå kommisjonen her, og omtale frå miljøråden ved den norske delegasjonen i Brussel her.

ØKONOMI: Budsjettpostar i detalj – klima i fokus.
2. mai vart EU sitt langtidsbudsjett lagt fram, og i vekene framover vil kommisjonen presentere sine framlegg i detalj for dei forskjellige sektorane. Fyrst ut denne veka er mellom anna klima, som i det overordna framlegget blei varsla vil få meir midlar enn førre periode. Målet er at 25 % av EU sine utgifter skal bidra til å nå klimamåla. Les meir om bærekraft og klima i EU-budsjettet her

MEDIA: Framgang i forhandlingar om opphavsrettsdirektivet.
Medlemslanda kom i går til semje om framlegget til nytt opphavsrettsdirektivet frå kommisjonen. Mellom anna inneber framlegget ei tidsavgrensa opphavsrett for mediehus og andre som publiserer, på eitt år til eigenprodusert materiale. Samstundes vert det oppmoda til betre samarbeid mellom nyhendeformidlarar (t.d. sosiale medier) og opphavsrettsinnehavar. Vidare skal parlamentet vedta sin posisjon før det kan forhandlast mellom desse. Les meir frå kommisjonen her.

EUROPA: Framleis italiensk uvisse om regjeringsskiping.
Nær tre månader etter valet er det framleis ikkje avklara kva parti som vil inngå i regjeringa, ei heller kven som vil sitje i ho. Populistpartia Femstjerne-rørsla og Forza Italia fekk ikkje godkjenning av presidenten for sin føreslegne regjeringskabal, og ein fryktar no ei større polarisering mellom EU- og Euro-tilhengarar og -skeptikarar i det som er EU sin fjerde største økonomi. Les meir her, her og her.

INSTITUSJONELT: European Youth Event. EYE2018 tek plass i Strasbourg 1.-2. juni, og er ungdomen sin sjanse til å bli høyrd og forme EU-politikk. Over 8 000 unge frå heile kontinentet skal diskutere Europa si framtid. Les meir om konferansen her.

 

 

DENNE VEKA I EU:

Rådet:

  • Møte i komiteen for utanrikssaker måndag. Tema: Iran.
  • Valgometer for Rådet.
  • Kalenderen for det nye, østerikske formannskapet er no tilgjengeleg.

Parlamentet:

  • Plenumssesjon i Strasbourg:  og avstemmingar over MFF (Multiannual Financial Framework), forbetring av lovforslagsprosessen og handelsbeskyttelse.
  • European Youth Event 1-2. Juni.
  • På førespurnad frå fleire EU-parlamentarikarar har Facebook sendt svar på spørsmåla Mark Zuckerberg ikkje hadde tid til å svare på under vitjinga i parlamentet om Cambridge Analytica skandalen, "skuggeprofilar" og falske kontoar. Svara finn du her.

 

VEKA SITT NAMN: Frans Timmermans. Visepresidenten i Europakommisjonen, har både litteraturstudiar og militær erfaring som bakgrun, og har arbeida for etterretningstenesta med avhøyr av russiske krigsfangar. I tillegg til Limburgsk og Nederlandsk snakkar han derfor også flytande russisk, italiensk, fransk, tysk og engelsk.

Nederlendaren har siden vært diplomat i Russland, regjeringsmedlem og utanriksministar i Nederland, før han i 2014 trådde inn som visepresident, og kommissær for betre regulering, interinstitusjonelle affærar, rettsstaten og grunnleggande rettighetar. Les Junkers oppdrag til sin visepresident her.

#205

Foto: Agencja Gazeta

*******************************************************
NHO Europanytt er forfattet av NHO Brussel. Innholdet i nyhetsbrevet er opphavsrettslig beskyttet. Tilgjengeliggjøring for allmennheten utover det som følger av åndsverkloven krever NHOs forutgående skriftlige samtykke. Innholdet gir ikke nødvendigvis uttrykk for NHOs offisielle oppfatning.

Kontakt oss

Ingebjørg Harto

Direktør

NHO Brussel

Ingebjorg.Harto@nho.no
Mobil
92447160
Emmelie Odberg Rosengren

Seniorrådgiver

NHO Brussel

emmelie.odberg.rosengren@nho.no
Mobil
+32493756391
Edvin Nordheim Edvardsen

Praktikant

NHO Brussel

edvin.nordheim.edvardsen@nho.no
Mobil
99110008
Bjørne Østrem Djukastein

Praktikant

NHO Brussel

bjorne.ostrem.djukastein@nho.no
Mobil
45296985