Vest-Telemark konferansen 2017

Kan innkjøp være Vest-Telemark sin drivkraft for å skape nye arbeidsplasser?

Struktur/tekstur bilder. Natur, miljø, omgivelser, overflater, bakgrunn

Lyspære Fotograf: Pexels

Publisert 13.01.17

Telemark

Innovative anskaffingar – Vest-Telemarks raskaste innovasjonsmotor? Kommunane har allereie verktøyet innovative anskaffingar tilgjengeleg – men kva er det eigentleg og kva for effektar og gevinstar kan det gje, både for det offentlege og for det private næringslivet? Cecilie Møller Endresen er prosjektleiar i Nasjonalt program for leverandørutvikling. Ho fortel oss korleis me kan nytte oss av innovative anskaffingar for å få enda meir effektive, framtidsretta og ikkje minst bærekraftige løysingar og tenester til innbyggarane i Vest-Telemark. Les meir på http://leverandorutvikling.no/


Fleirbrukshall i Fosnes er sett opp av lokale leverandørar Eit strålande døme på korleis innovative anskaffingar kan skape vekst i distrikts-Noreg får me presentert av rådmann i Fosnes kommune, Rønnaug Aaring. Fosnes, ein liten kommune med 630 innbyggjarar, utan innkjøpsressursar, bruka metoden innovative anskaffingar og fikk reist eit bygg som gav vekst for heile bygda og som utvikla det lokale næringslivet. I november vart Fyret, som eit av 5 prosjekt i Noreg, nominera til Zero sin klimapris. Fleirbrukshallen Fyret i Fosnes Kommune i Nord-Trøndelag opnar i januar og er eit av Noregs mest energieffektive storbygg. Les meir om Fosnes på http://leverandorutvikling.no/forside/fyret-nominert-til-klimapris-article1341-697.html


Innovative anskaffingar førte til nye produkt og større marknad for Nærenergi Nærenergi på Klepp i Rogaland, fekk gjennom ein innovative anskaffing moglegheit til å utvikle nye produkt innan innlandsbruk av biogass, propan og naturgass i samarbeid med ein offentleg aktør. Det førte til auka marknadsmoglegheiter, kundegrunnlag og omsetning. Administrerande direktør Tore Meinert fortel om korleis kommunane kan leggje til rette for ein god, utviklande anskaffingsprosess og korleis det gjer vinn-vinn både for kunde og leverandør. Les meir på; http://leverandorutvikling.no/for-naeringslivet/bygger-med-graaten-i-halsen-article1316-705.html

Se hele PROGRAMMET

Trykke her for PÅMELDING