Stort potensiale for å skape arbeidsplasser med utgangspunkt i gårdsbruk og landbruk

Det er Vannhull og valgdebatt den 18 august, vekst og arbeidsplasser i Hallingdal er tema. Fauskivalen 2017 er over og har nok et år vært en suksess. Vi har benyttet anledningen til å spørre Fauskivalens far, eier av Fausko skysstasjon, gründer og fjellbonde Knut Fausko om hva han mener viktig for veksten i Hallingdal.

#205

Fausko Skysstasjon og Knut Fausko. Foto: FREDRIK SOLSTAD

Publisert 16.08.17

Buskerud

Det er Vannhull og valgdebatt i Hallingdal den 18 august. Vekst og arbeidsplasser er tema. Fauskivalen har nok et år vært en suksess. Vi har derfor benyttet anledningen til å spørre Fauskivalens far, eier -og driver av Fausko skysstasjon,  gründer og fjellbonde Knut Fausko om debattemaet. Nærmere bestemt spurte vi om tre ting han mener er viktig for å skape vekst og arbeidsplasser i Hallingdal. Les innunder hva han skriver. 

Tre ting for å skapa vekst og arbeidsplassar.

Eg reknar med at vekst blir vurdert som auke i BNP. Sjølv om det absolutt kan diskuterast. Ein kan stille spørsmålet, kva er det som er grunnleggjande føresetnadar for ei positiv utvikling av Hallingdal. Svaret kan vera:

- Positiv befolkningsutvikling, sunn demografi

- Lønsame arbeidsplassar

- Kompetent arbeidskraft

Dersom me går eit nivå ned kan nokre ting vera:

- God infrastruktur, der Hallingdal er spesiell med svært stor del reiseliv, der transport er ein vesentleg del.

- Rammevilkår som også har ein distriktsprofil. Differensiert arbeidsgjevaravgift er eit døme. Har forstått at forskjell Hallingdal - Valdres utgjer ca. 130 mill. pr. år.

- Næringsvennlege kommuner. Korleis finne løysingar?

- Risikokapital.

- Bygge opp og heie på entreprenøren/gründeren

- Skapa ei større forståing hjå sentrale styresmakter for distriktsutfordringane og mogelegheitene. -Kunnskapsløysa i hovudstaden er frustrerande.

Viktig utfordring sett frå ut mine erfaringar og min ståstad:

-Korleis stimulere småskala privat næringsliv?

-Eit hovudproblem her meiner eg dessverre er vårt rigide byråkratiske regelverk- og rapporteringssamfunn som i praksis verkar effektivt til å knekke mange gode idear og initiativ, der mang ei god grunderspire resignerer, og andre i etablert næring vegrar seg for å utvikle idear og skape ny næring, og i staden gir opp.

-Her snakkar eg om eigne erfaringar gjennom mange år med idear og utvikling. Det har vore mang ein tung kamp. Om ein ikkje hadde vore ein skikkeleg stabukk, så trur eg nok at den type idear som eg har erfaring med, aldri hadde vorte sett ut i livet.

-Eg meinar det er stort potensiale for å skape arbeidsplassar med utgangspunkt i gardsbruk og landbruk. Småskala produksjon, aktivitetar, kultur og opplevingar m.m. Eg meiner også at dette er viktig å stimulere for å bevare bygdeidentitet og forvaltninga av bygdekulturen.

Her kan du lese om Fausko Skysstasjon og Fauskivalen