Europadagen 2018

NHO Vestlandet ønskjer med denne dagen å gje informasjon og inspirasjon til bedrifter og aktørar på Vestlandet. Her kan du få gode innspel på korleis di bedrift kan nå fram til den store internasjonale marknaden og korleis du kan gripe moglegheitene i EU!

Korleis kan di bedrift nytte seg av forskingsmidlar i Europa? Kva aktørar regionalt og i Brussel kan hjelpe næringslivet i fylket? Kva ambisjonar har regjeringa for Europapolitikken og kva betyr EØS og brexit for norske bedrifter?

Dette og mykje meir får du svaret på når NHO Vestlandet i samarbeid med fleire aktørar inviterer til Europadag 21.mars på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde.

Har di bedrift planar om å vokse i Europa eller har du spørsmål om prosessane kring EU-søknader? Då kan du delta på speed-date med Innovasjon Norge og Forskningsrådet frå klokka 14:00.

Kontakt oss

Silje Luzia Rødeseike

Rådgiver

NHO Vestlandet

silje.rodeseike@nho.no
Mobil
92839839
Ingrid Bertelsen

Rådgiver

NHO Vestlandet

ingrid.bertelsen@nho.no
Mobil
93098207