Prosjektverkstad: Horisont 2020

Tema er energi, klima og transport i Horisont 2020 og relevans til Sogn og Fjordane torsdag 26. oktober 2017.

Fotograf: Vestlandsforsking

Horisont 2020 er verdas største arena for forskings- og innovasjonssamarbeid. Du er invitert til prosjektverkstad saman med andre aktørar i fylket som har interesse og mål om H2020-prosjekt.

Tema er energi, klima og transport i Horisont 2020 og relevans til Sogn og Fjordane torsdag 26. oktober 2017.

Det er det nystarta EU-nettverket for Sogn og Fjordane som inviterer til samlinga, og du er velkommen til å bli ein del av nettverket. Deltakarar frå offentleg sektor, næringsliv og FoU-miljø er invitert. Hovudtemaet på prosjektverkstaden er energi, klima og transport i H2020 med relevans til Sogn og Fjordane region.

Se programmet her.

Påmelding her eller send e-post til zno@vestforsk.no