Informasjonsmøte om utlysing av forskingsmidlar

Regionalt forskingsfond Vestlandet lyser i 2014 ut til saman 42 millionar kroner i stønad til FoU prosjekt. 11. mars inviterer Hordaland fylkeskommune til informasjonsmøte.

Publisert 20.02.14

Hordaland

Program:        

12.00–12.15     Lett lunsj

12.15–13.00     Informasjon om utlysingar i 2014

                        Jone Engelsvold, sekretariatsleiar RFF Vestlandet

13.00–13.45     Formelle krav – unngå fellene

                        Randi Lotsberg, sekretariatet for RFF Vestlandet

13.45 – 14.00   Beinstrekk/kaffe

14.00 – 14.45   Vurderingskriterier og gode råd til søknadsskriving

                        Atle Markussen, Norges forskingsråd, Hordaland

14.45 – 15.00   Oppsummering og avslutning

                        Jone Engelsvold/Randi Lotsberg

Det vert sett av god tid til spørsmål og drøfting undervegs i programmet. Deltakarane må gjerne ta med seg konkrete spørsmål til søknadsskriving frå egne prosjektplanar

Møtet er særleg retta mot dei som skal arbeide med søknad til RFF Vestlandet no i vår, men er ope for alle interesserte.

Påmelding skjer http://kurs.hfk.no/paamelding-infomoteRFF

42 millionar kroner til regionale FoU prosjekt på Vestlandet i 2014

Regionalt forskingsfond Vestlandet lyser i 2014 ut til saman  42  millionar kroner i stønad til FoU prosjekt. Til søknadsfristen 9. april er det lyst ut  18 millionar kroner til regionale bedriftsprosjekt og regionale offentlege prosjekt innan følgjande tema: Bærekraftig matproduksjon, Energi, Reiseliv. Kommunale ansvarsområde. I tillegg er det lyst ut kr. 6 millionar til forprosjekt /regional kvalifiseringstøtte med løpande søknadsfrist og administrativ behandling innan 4 -6 veker.