Publisert 03.01.14
Vestlandet, Næringsbarometeret
Bedriftsundersøking som er gjennomført viser korleis næringslivet vurderer utsiktene for 2014.
- Lågare forventingar enn i januar 2013
- Låg investeringsvilje
- Dei fleste næringar ventar likevel vekst i talet på tilsette i 2014
- Lærlingebedriftene middels nøgd med lærlingane
Dette går fram av Næringsbarometeret for Hordaland 2014 som vart presentert på fylkesordføraren sitt Nyårsmøte i Bergen i dag, 3. januar 2014.
Bedriftsundersøkinga viser at næringslivet i fylket er blitt noko meir pessimistiske samanlikna med i fjor på same tid. Samleindeksen har gått ned frå 21 poeng i januar 2013 til 15 poeng i januar 2014.
www.naringsbarometeret.no
Tilsetjingar
Når det gjeld trua på tilsettingar, ligg det på same nivå som i fjor på denne tida. Samtidig har omsetnadsoptimismen dala sidan januar 2013. Då viste «omsetnadsbarometeret» 33 poeng, medan talet for januar 2014 er i underkant av 20 poeng.
Investeringar
Trua på lønsemd har også blitt mindre på denne tida. Indeksen har gått frå 25 poeng til i underkant av 18 poeng i januar 2014. Investeringslysta fekk seg ein knekk i 2009, og har etter den tid lege etter måten lågt. For denne målinga viser indeksen minus 3 poeng. Det vil seia at det er fleire som ikkje vil investere enn som vil investere. Den samla indeksen gjekk ned frå 22 poeng til 15 poeng.
Situasjonen er ikkje dramatisk, men signaliserer truleg at den reduserte veksten i norsk økonomi kan å ha nådd Hordaland – og då visse næringar kraftigare enn andre.
Den største andelen som ventar nedgang finn vi i landbruket.
Positivt i fleire næringar
Dei som driv med fiske og havbruk har størst tru på oppgang neste år. Innan transport og engroshandel er det også optimisme. Forventningane til nytilsetjingar i året som kjem, har ikkje vore større sidan januar 2008 og januar 2011, og vi ser en kraftig oppgang i høve til mai 2013 på rundt 26 poeng. I desse næringane ventar ein også vekst i investeringane i 2014.
Næringsgruppa kultur, reiseliv og oppleving kan, saman med transport og engros, vise til den høgaste indeksen i årets barometer med vel 23 poeng. Det er serleg opplevingsnæringa som er optimistisk til lønsemd og nytilsetjingar i 2014, sjølv om ein innan desse næringane har låge forventingar til auka omsetnad og til investeringar for det komande året.
Bygg og eigedom
Byggjenæringa og eigedomsnæringa har på si side ein kraftig nedgang i sine forventningar frå mai 2013, etter ein kort periode med stigande forventingar. Industri og varehandel opplever same kraftige nedtur. Varehandel har den lågaste samla forventingsnivået av næringane. Like etter kjem industri og byggje- og eigedomsnæringane. Men, som vi har peikt på; uansett næring reknar dei fleste med eit år om lag som i fjor – eller noko betre. Slik sett kan ein seia at optimismen framleis rår i Hordaland, men at det ligg mørke skyer i horisonten.
Distriktsvis
Næringslivet i Bergen og Os toppar forventingsindeksen, medan næringslivet i Sunnhordland og Hardanger ligg på botn. I Nordhordland er dei mest optimistisk med omsyn til omsetnad og til investering i året som kjem.
Lærlingar
Bedriftsundersøkinga viser at dei fleste bedriftene i hovudsak er ganske nøgde med lærlingane når dei har vore to år i den vidaregåande fagutdanninga. Bedriftene som ikkje er nøgde, peikar mellom anna på at ein del lærlingar viser mangel på motivasjon.
Blant dei største lærefaga er industribedriftene meir nøgde med lærlingane enn bedriftene i bygg og anlegg. Innan varehandel og privat tenesteyting finn vi bedriftene som er mest misnøgde.
Kontaktinformasjon for media:
Hordaland fylkeskommune: fylkesordførar Tom Christer Nilsen, Tlf: 924 50 196
NAV Hordaland: Direktør Anne Kverneland Bogsnes, Tlf: 905 21 059
Innovasjon Norge Hordaland: Direktør Nina Broch Mathisen, Tlf: 917 15 453
NHO Hordaland: Regiondirektør Tom Knudsen, Tlf: 908 30 688