Aktuelle studietilbod frå Folkeuniversitetet

Ønskjer du etterutdanning og faglig påfyll?

#205

Fotograf: Yuri Arcurs

Publisert 25.11.17

Vestlandet

Høgskulestudier og aktuelle kurs i regi av Folkeuniversitetet våren 2018- for deg som ønskjer etterutdanning og fagleg påfyll.

Meisterutdanning i Førde - Gje deg sjølv eit forsprang, bli mester!
Har du fag- eller svennebrev i eit godkjent mesterfag? Ønsker du å utvikle deg sjølv og kan hende satse på ei leiande stilling i den verksemda der du arbeider? Vurderer du å starte for deg sjølv?
Då kan eit mesterbrev vere løysinga! Gje deg sjølv eit forsprang, bli mester! Faget «bedriftsleiing» er og relevant for deg som ønskjer ein rein leiarutdanning, men som ikkje tenkjer å ta mesterbrev. Faget følgjer Mesterbrevnemnda si læreplan fra 2014. Du kan melde deg på eller få meir informasjon om Mesterbrev ved å klikke på denne linken til våre nettsider.


Coaching og Relasjonsleiing emne 1  - 15 STP - studiested Førde med oppstart 01 og 02 februar 2018.
Dette er eit svært populært fag, som ca 300 leiarar og mellomleiarar har i fylket har teke tidlegare. Arbeider du som leiar eller mellomleiar kan dette studiet gje deg gode verktøy og nyttig lærdom om korleis du best mogleg kan  rettleie andre. Studiet har gode forelesarar og gjer deg som student høve til å byggje vidare med emne 2 på 15 STP og emne 3 på 30 STP.
Sjå vedlegg med info om tidspunkt og tema for kvar samling. Du kan melde deg på eller få meir informasjon om coaching emne 1, ved å klikke på denne linken til våre nettsider:


Motivasjonspsykologi – 15 STP i Førde - Dette populære studiet vil og bli sett i gong i Førde våren 2018. Faget er ein del av utdanningsprogrammet i arbeidslivspsykologi. Dei to andre faga i programmet er Arbeids– og organisasjonspsykologi 30 STP og Personalpsykologi 15 STP. Ein kan totalt kan ta 60 STP samanhengande over 2 år. Du kan melde deg på eller få meir informasjon ved å klikke på denne linken til våre nettsider:

Kosthald og ernæring - 30 studiepoeng i Førde med oppstart våren 2018 - Folkeuniversitetet kan for første gang tilby et halvårsstudium i kosthald og ernæring med undervisningssted Førde. Dette er et samlings- og nettbasert studium som tilbys desentralisert gjennom Folkeuniversitetet i samarbeid med Atlantis Medisinske Høgskole (AMH). Studiet gjennomføres som deltidsstudium over ett år/to semestre. Direkte link til påmelding eller meir informasjon om kosthold og ernæring finn du her:

I tillegg til desse kursa, finn du og mange andre tilbod på  www.folkeuniversitetet.no. Vi kan tilby eit breitt utval, særleg innan språk og hobbykurs. Alt dette og meir til finn du på nettsidene våre.

Kontaktperson, Folkeuniversitetet Vestlandet:

Reidar Brandsberg. Tlf: 57 74 47 00/ 47 65 69 06