Aldri før har det vore utdelt så mange fagbrev

Fag- og sveinebreva vart utdelt av fylkesvaraordførar Mona Hellesnes, leiar av yrkesopplæringsnemnda, Tom Knudsen og fagopplæringssjef Torbjørn Mjelstad. Aldri før har det vore så mange som har fått fag- og sveinebrev.

Mikal Bøe Mjelva, med minstemann på armen, får fagbrev i bilfaget, lette køyretøy, av leiar av yrkesopplæringsnemnda, Tom Knudsen, pluss gratulasjonar frå fylkesvaraordførar Mona Hellesnes og fagopplæringssjef Torbjørn Mjelstad.

Publisert 05.11.14

Hordaland

Stolt
– Dette er ein viktig milepæl. De avsluttar utdanninga og er faglært. No får de dokumentasjon på at de kan faget og går over i ein nye fase der de skal bruke kunnskapen.  Eg er stolt over å sjå utover salen og sjå så mange som har fullført utdanninga. Vi får 2000 nye lærlingar i Hordaland kvart år. Hordaland fylkeskommune satsar på fagopplæring. Det er viktig kompetanse. Vi vil ha fleire som tek fagopplæring, sa fylkesvaraordførar Mona Hellesnes.

Vidareføre lang tradisjon
Leiar av yrkesopplæringsnemnda, Tom Knudsen gratulerte.
– Dette er eit godt og gjevt vitnespyrd som de kan henge på veggen og vise at de er kvalifiserte. Med fag- og sveinebrev er de med å vidareføre ein lang tradisjon her i landet. Samspelet mellom arbeidsplass og skule er viktig. Kunnskap gir forsprang, handlefridom og makt, sa Tom Knudsen.

Flest fagbrev vart delt ut i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Fylkesvaraordførar Mona Hellesnes og leiar av yrkesopplæringsnemnda, Tom Knudsen (t.h.)
Flest fagbrev vart delt ut i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Fylkesvaraordførar Mona Hellesnes og leiar av yrkesopplæringsnemnda, Tom Knudsen (t.h.)

Les heile saka på hordaland.no