Bedriftene i Hordaland ventar lavare vekst

Uroa i oljenæringa pregar næringslivet i Hordaland. Forventingane i årets barometer fell til finanskrisenivå.

Næringsbarometeret januar 2015

Næringsbarometeret januar 2015

Publisert 05.01.15

Hordaland

Les heile næringsbarometeret her (kun nett).

Sidan i fjor har den samla indeksen gått ned med seks poeng og ligg no på ni poeng. Med unntak av varehandelen går forventingane ned i alle næringar. Det er særleg forventingane til investeringar som trekkjer ned. Dette er den einaste indikatoren kor fleire ventar reduksjon enn auke i 2015. Forventingane til omsetnad og lønsemd fell også, begge med ni poeng. Det er likevel fleire som trur på betre enn dårlegare tider i året som kjem: Den samla indeksen er framleis positiv.

Petroleumsnæringa dreg ned
Fallet i oljeinvesteringar og oljeprisar, samt mykje negativ merksemd i media gjennom sommaren og hausten, har medverka til å senke forventingane til vekst i året som kjem.  Dei siste månadene har vi sett døme på at både hotell og drosjeverksemder har blitt råka av nedgangen i oljesektoren.

Næringsbarometeret viser at det er verksemder som leverer til oljesektoren som har det største fallet i forventingane. I fleire år har desse verksemdene hatt høgare forventingar til framtidig vekst enn selskap som ikkje har hatt petroleumsrelatert omsetnad. I år ligg forventingane omtrent på same nivå.

Ei samanlikning med tala for 2014 syner at forventingsindeksen blant verksemdene som leverer til petroleumssektoren har falle frå 25 til ni poeng det siste året. Fleire ventar kutt i investeringane, og forventingane til omsetnad og lønsemd fell med høvesvis 22 og 17 poeng. Verst er situasjonen for dei verksemdene som er tettast knytt til petroleumsnæringa. Blant verksemder som har meir enn 50 prosent av omsetnaden frå oljerelatert aktivitet, er det langt fleire som ventar nedgang enn oppgang i år. Både forventingane til omsetnad, lønsemd og investeringar er negative. På den positive sida er det berre eit mindretal av desse verksemdene som ventar nedskjeringar i arbeidsstokken. 

Verksemdene bur seg med andre ord på lågare etterspurnad frå petroleumsindustrien. I bygg og anlegg og transport og engros ventar nærare 60 prosent lågare ordretilgang frå kundane i petroleumsindustrien. Innanfor bygg og anlegg trur 25 prosent at reduksjonen blir vesentleg. Også i industrien og i finansiell og forretningsmessig tenesteyting trur nær halvparten av verksemdene at ordretilgangen vil gå ned.

Auka eksport
Biletet er likevel ikkje heilsvart. På den positive sida kan ein lågare oljepris bidra til ein betre konkurransesituasjon for eksportverksemdene, ved å bidra til ei svakare krone. Næringsbarometeret viser at eksporten ligg an til å auke også i år: Éi av tre verksemder ventar auka eksport, medan rundt 10 prosent ventar reduksjon. Det er om lag same resultat som i fjor.

Lågast innan tenesteyting
Medan den overordna trenden er dempa tru på vekst, er det store skilnader mellom næringane. I bygg og anlegg er forventingane til omsetnad sterkt redusert og forventingane til investeringar er negative. I industrien er forventingsindeksen nede i tre poeng. Det er den lågaste av alle næringane, og på nivå med finanskriseåret 2009. Også transport og engros har falle markant frå i fjor langs alle delindikatorar. Det er likevel den næringa kor forventingane er høgast i dette barometeret, med ein samla indeks på 14 poeng. Kultur, reiseliv og oppleving ligg også noko høgare enn dei andre næringane, med ein samla forventingsindeks på 13 poeng. Her er det forventingane til lønsemd som fell mest. 

Den største nedgangen finn vi innanfor finansiell og forretningsmessig tenesteyting, kor indeksen går ned frå 20 til fem poeng. Veksten i petroleumsinvesteringar dei seinare åra har vore viktig for fleire tenesteytande verksemder. Når investeringsveksten flatar ut, kan det halde tilbake aktivitetsnivået i marknadsretta tenesteyting. Det er truleg denne forventinga som kjem til uttrykk her.

Motstraums privatkonsum
Varehandel og privat tenesteyting er den einaste næringa med aukande forventingar. Etter fleire år med lågare tru på framtida er forventingane no svakt på veg oppover. Frå ein rekordlåg indeks på fem poeng i fjor, ligg næringa i år på ni poeng. Særleg har trua på vekst i omsetnad og lønsemd auka.

Den stigande optimismen speglar delvis forbrukarane sine forventingar til eigen økonomi i året som kjem. Den gode reallønsveksten dei siste åra har medverka til ei taktfast auke i disponibel inntekt. Finans Norge sitt Forventingsbarometeret for fjerde kvartal viser at mange nordmenn framleis har stor tru på eigen økonomi, sjølv om dei har blitt meir usikker på landet sin økonomi. Samtidig tyder undersøkinga på at nordmenn også vil spare meir i tida framover. 

Kjelder
http://www.ssb.no/nasjonalregnskap-og-konjunkturer/artikler-og-publikasj...
https://www.fno.no/Hoved/Aktuelt/Sporreundersokelser/Forventningsbaromet...