Dugnaden er allereie i gong

På NHO sin årskonferanse førre veke blei det oppfordra til ein dugnad for å auke arbeidsdeltakinga i Norge. Vi har ikkje råd til å la vere, og arbeidsevne er den nye oljen. "Vårt arbeidsliv må også ha rom for dei som har utanlandske namn, og dei som ruller på jobb i staden for å gå" oppfordra Erna Solberg i sitt innlegg.

Hausten 2017 fekk Quality Hotel Sogndal "Ringer i Vannet"-diplomen.

Publisert 15.01.18

Vestlandet

Dei siste 5 åra har NHO gjennomført eit prosjekt, "Ringer i Vannet", for å få fleire personar med redusert arbeidsevne tilsett hos sine medlemsbedrifter. Dette for å følgje opp IA – avtalens delmål 2 og bedriftenes behov for å rekruttere naudsynt arbeidskraft.

NTNU har på initiativ frå IA-partane evaluert metodikken. Det er Arbeids- og Sosialdepartementet som er oppdragsgjevar og som har finansiert evalueringa.

Evaluering av NHO-prosjektet "Ringer i Vannet" viser at metoden verkar, og at inkluderingspotensialet er stort. 8 av 10 får jobb gjennom prosjektet, og bedrifter med ein "Ringer i Vannet"-avtale tilset 3 gonger oftare enn bedrifter utan ein slik avtale.

På Vestlandet er dugnaden allereie i gong. 240 medlemsbedrifter har ein avtale med lokale arbeids- og inkluderingsbedrifter som jobbar på bestilling frå NAV. Saman skriv dei intensjonsavtalar, og kartlegg bedriftas framtidige rekrutteringsbehov og kompetansekrav. Dette gjer det mogleg å starte jakta på den best eigna kandidaten til stillinga lenge før den lysast ut.

-Vi i NHO er stolte av den suksessen prosjektet har blitt og vi er stolte av den inkluderingsviljen vi ser hos våre medlemmer, seier regiondirektør i NHO Vestlandet, Tom Knudsen.

Han legg til at arbeid har stor verdi ikkje berre for samfunnet, men for bedrifter og enkeltmenneske.

Petter Stordalen snakket varmt om "Ringer i Vannet" på NHO sin årskonferanse, og om viktigheita i å forankre integreringsarbeidet skikkeleg i bedrifta. For å ta sin del av dugnaden må det vere i bedriftenes ånd å tenke integrering.  Då er det ei sann glede å sjå lokale døme på samarbeid. På Quality Hotel i Sogndal blei det for ei tid tilbake tilsett ein kokkelærling med god bistand frå arbeids- og inkluderingsbedrifta, Sogneprodukt. Og no er hotellet klar til å ønskje to nye arbeidstakarar velkomne. Desse har deltatt på eit reinhaldskurs på bestilling frå NAV. Sogneprodukt arrangerer kurset og sørgjer for opplæring og relevant praksis. Og for dei to som hadde sin praksis på Quality Hotel Sogndal har det ført til tilsetjing.

Eit anna samarbeid ser vi hos Tide Buss som med "Ringer i Vannet" og NAV jobbar for å finne framtidige bussjåførar. Bussbransjen estimerer eit behov for 14 000 nye sjåførar fram mot 2030, og vi håpar at vi her på Vestlandet skal finne nokon av dei hos arbeids- og integreringsbedriftene. Men for å få til dette treng vi informasjon frå arbeidsgjevarar og eit godt samarbeid med NAV. Vi treng at bransjar med behov for arbeidskraft, som sjølv hjelper med å finne sine nye medarbeidarar, bistår i opplæringa og tilset dei i stillingane på dei premissane som dei kan jobbe.

Klarar vi det, er vi godt i gong med å bevare velferdsstaten slik vi kjenner den i dag.

Kontakt oss

Tom Knudsen

Regiondirektør

NHO Vestlandet

Tom.Knudsen@nho.no
Mobil
90830688