Held på løftet om oppstart av Hordfast i 2018

Ein delegasjon frå Hordaland møtte samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen onsdag 24. september. Tema var framdrift for Hordfast. Ministeren lova å halde tidsskjemaet Erna Solberg ga i valkampen om oppstart i 2018. - Utruleg positivt, sa Stord-ordfører Liv Kari Eskeland til Avisa Sunnhordland.

Publisert 30.09.14

Hordaland, E39

– Me har vore bekymra for kor tid det kan bli oppstart. Ministeren har sagt 2018, men Statens vegvesen har sagt 2020. Men på møtet gav statsråden saman med Vegdirektoratet og Statens vegvesen tydeleg signal om at dei er i gang med ein prosess som vil forkorta planleggingsperioden for kryssinga av Bjørnefjorden, seier Eskeland til Avisa Sunnhordland.

Ho får støtte av regiondirektør i NHO Hordaland, Tom Knudsen. - For oss har det vore viktig å få ei løysing der den raskaste og mest realistiske alternativet vert lagt til grunn. Dette for å halde tidsskjemaet og framdrift i prosjektet, seier han.

- Denne vegen er avgjerande viktig for verksemdene på Vestlandet, ikkje berre for framtidig verdiskaping, men óg for større bu- og arbeidsmarknadsregioner, seier Knudsen.

I følgje Eskeland vil Statens Vegvesen leggje fram tre alternative fjordkryssingar over Bjørnafjorden. Desse alternativa er venta i mars 2015. Prosjektet vert óg handsamma som eit sokalla statleg prosjekt. Det vil seie at kommunane berre er høyringsinstans i prosessen.