I siste liten-guide til dei nye personvernreglane

Du behøver ikkje leige dyre konsulentar for å etterfølgje dei nye personvernreglane. Du kan gjere mykje sjølv. Her er nokre gode tips og hjelp viss du framleis er i tvil.

Publisert 01.06.18

Vestlandet

Innboksane våre fylles i desse dagar med spørsmål om samtykkjer til det eine og det andre. Grunnen er at EU-reglane om bruk av personopplysningar (GDPR) gjeld i heile EU frå 25. mai 2018. Bedrifter vil difor sikre seg at dei framleis har lov til å bruke personopplysningar. Reglene vil gjelde i Norge også, mest sannsynleg i byrjinga av juli. Mange norske bedrifter er allereie klare, men ikkje alle.

Medan media melder om hundrevis av millionar kroner til konsulentar, meiner juridisk redaktør for NHO sin medlemsportal Arbinn, advokat Heike Kristine Bentsen, at det ikkje alltid er naudsynt.

- Bedriftene kan gjere mykje sjølv, og vi hjelper dei, seier hun.

Må bedriftene nå sende ut e-poster til alle kundar og kontaktar?

- Nei, det kjem an på! Først og fremst er det viktig å skaffe seg samtykke først viss du skal sende e-poster med marknadsføring. Sånn har det vore i årevis, men nå blir krava til samtykke ein del strengare enn tidlegare, seier Bentsen. Då kan det vere naudsynt å "oppdatere" dei samtykka man allereie har fått.

Dei nye reglane gjeld for all behandling av personopplysningar, men dei krev ikkje at du må sende e-poster om alt mogleg. Bedriftene må sørge for at dei har eit lovgrunnlag for det dei gjer, for eksempel at det er pålagt i lov eller at bedriftene kan vise til at dei har eigne, sterke behov.

Kva bør bedriftene gjere?

- Først av alt bør du sørge for at du skjønner i alle fall dei viktigaste reglane, for alle bedrifter er omfatta av dette, seier Bentsen.

Arbinn-redaktøren anbefaler å setje av åtte minuttar til å lese artikkelen på NHO sine Arbinn-sider, som er retta mot bedriftene sine behov. Dessutan finner du svar på mange spørsmål her.

- Neste steg bør vere å skaffe seg ein oversikt over kva slags personopplysningar bedrifta har, og korleis dei blir brukt. Medlemmer i NHO har tilgang til vårt personverktøy, som er eit skjema med både rettleiing og eksempel, seier Bentsen.

Ein del vil nok finne ut at ikkje alt er på stell, men skjemaet gir deg oversikt og moglegheit til å rette opp. Bedrifter som har forbrukarar som kundar må vere ekstra oppmerksame, for dette er kanskje den viktigaste målgruppa for reglane. Ei anna viktig målgruppe er dei tilsette, som arbeidsgjevar ofte har mange opplysningar om.

- Det står igjen att det å lage eit dokument som bedrifta kan bruke internt for å sørge for at den gjer dette riktig i framtida. Alle dei man har registrert opplysningar om, skal nemleg få vite om korleis man opptrer, seier Bentsen.

NHO har laga eit utkast til interndokument, som medlemmene kan bruke. Dessutan har vi en rettleiar som viser korleis bedriftene kan gi den informasjonen som er pålagt.

Kontakt oss

Heike Kristine Bentsen

Advokat

Tjenesteutvikling

heike.kristine.bentsen@nho.no
Mobil
99246145
Nina C. Tennebekk

Advokat

NHO Vestlandet

nina.tennebekk@nho.no
Mobil
92837402