Invitasjon til valmøte om kommunereforma

NHO inviterer i samarbeid med Hardangerrådet til politisk møte om kommunereforma 28. august kl. 18:00 på Ullensvang Hotel. Kva skal til for at Hardanger får ei regional mobilisering, og kvar bør grensene gå i framtida. Kan ein snakke om ein Hardanger-kommune? Og kva oppgåver og struktur skal ein slik kommune ha?

Foto: Øverst til venstre: Egil Torheim, er tidlegare NRK-journalist med særs god kjennskap til Hardanger. Helge André Njåstad er st.representant frå Frp, og leiar for Kommunal og forvaltningskomiteen på Stortinget. Nederst: Geir Vinsand, NIVI Analyse, er ekspert på kommuner og ettertrakta innleiar på feltet. Vinsand kjem óg til SMÅTINGET i Fredrikstad 2015.

Foto: Øverst til venstre:

Publisert 24.06.15

Hordaland

Konferansier: Egil Torheim, tidl. NRK-journalist.

Agenda:

17:30 – 18:00   Registrering med kaffi og te.

18:00 – 18:05   Velkomen ved Tom Knudsen, regiondirektør i NHO Hordaland

18:05 – 18:15   Kvifor er kommunereforma viktig for næringslivet?Gjermund Løyning, avd. for samfunnkontakt og analyse i NHO

 8:15 – 18:25   Kommunereforma – Robuste kommunar for framtida
v/ Helge André Njåstad (Frp), leiar av Kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget. 

18:25 – 19:10   Grensevandring i Hordaland, med framlegg til regional mobilisering i Hardanger
v/Geir Vinsand, NIVI Analyse          

19:10 – 19:30   Pause m/kaffi/te og lett servering

19:30 – 21:00   Politisk ordskifte
I panelet: Ordførarane i dei sju Hardangerkommunane

Innlegg/kommentarar frå bedrifter og frammøtte i salen.

Møte er ope for alle interesserte.

Av omsyn til servering, ber vi påmelding til her, "Meld deg på" innan 26.8.2015

Om innleiarane:

Egil Torheim, tidlegare NRK-journalist er møteleiar. Han har gjennom si lange karriere stor kjennskap til Hardanger og politikken der. 

 Geir Vinsand arbeidar i NIVI Analyse og har bakgrunn som ressursøkonom frå Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås. Han har tidlegare arbeidd som konsulent og gruppeleiar i AGENDA i perioden 2000-2006. Han har erfaring med kvantitative undersøkingar og konsulentoppdrag frå Opinion AS og var tilsett i Kommunaldepartementet i perioden 1989-95, bl.a. som hovudsekretær for Christiansen-utvalet som utreda kommune- og fylkesinndelinga. Vinsand har óg arbeidd med utgreiingsoppgåver i Næringsdepartementet og vore oppdragsforskar i Gruppa for Ressursstudiar på 1980-talet.

Vinsand er ein svært god foredragshaldar som vil ta oss med på ein grensevandring i Hordaland, og komme med framlegg og korleis ein ny Hardangerkommune kan sjå ut.

Helge André Njåstad er stortingsrepresentant frå Hordaland (2013-), og representerer Frp i Kommunal og Forvaltningskomiteen, som har er leiar for. Njåstad vart vald til ordførar i Austevoll kommune allereie som 23-åring i 2003, og satt i 10 år til han vart vald inn på Stortinget. Njåstad var medlem av Hordaland fylkesting frå 2003-2015, og sit i Frp sitt sentralstyre (2011-).

Njåstad vil legge fram regjeringas framlegg til kommunereform på møtet.