Kampen om læreplassane

Korleis får du drøymelæreplassen?

Publisert 16.06.14

Hordaland, Aksjon lærebedrift

I desse dagar er det tid for yrkesfagelevar å søkje lærekontraktar i bedrifter. Mange av lærefaga er svært populære og søkjarane må no gjere ein iherdig innsats for å få plassane dei aller helst vil ha. Korleis skal ein så gå fram for å skaffe seg drøymelæreplassen?

Etter to år i skule er fylkets yrkesfagelever no klare for to spanande år som lærlingar ute i bedrift. Søkjertala visar at det er 1147 søkjarar som no ynskjer seg ein læreplass i Hordaland.

Ta tidlig kontakt

Sjølv om næringslivet har eit stort behov for personer med fagbrev, er det svært viktig at søkjarane aktivt kontaktar aktuelle bedrifter og opplæringskontor. Me anbefaler ingen å sitje på gjerdet og vente på å høyre i frå opplæringskontoret.

Stå på!

Så om du ynskjer å arbeidde eit spesielt sted, bør du stå på. Ta kontakt med bedrifta og ha lærekontrakten klar. Ved å ta initiativ og vise interesse stiller ein mykje sterkare, og slepp kanskje ytterlegare konkurranse om plassen. Alle kan ta direkte kontakt med aktuelle bedrifter eller opplæringskontor.

Men det viktigaste er likevel å sørgje for at ein har arbeidd godt på skulen heilt heile vegen, består alle fag og unngår å få eit høgt fråvær. Dette er nemleg desse faktorane bedriftene ser på når dei vel seg ein lærling. I tillegg må ein stille godt forberedt til intervju.

Fagopplæring

For søkjarane som ikkje finn seg læreplass innan 1. september, er fylkeskommune pliktig å tilby eit Vg3 fagopplæringsløp i skule. Dette vil sei et eittårig fagopplæringsløp i skule som fører fram til fag-/sveinebrev.

Tips på vegen mot lærekontrakt

  1. Lag ein god, kort CV som fortel kva utdanning og arbeidsrøynsle du har. Ta med kva bedrifter du for eksempel har vore utplassert i via faget Prosjekt til fordjuping.
  2. Finn fram aktuelle lærebedrifter.
  3. Ta tidlig kontakt med lærebedrifter. Mange tilset lærlingar før sommarferien!
  4. Ta kontakt med opplæringskontor.
  5. Ta kontakt med fagopplæringskoordinator på skulen din. Dei kan gi deg rettleiing når du skal søkje læreplass.
  6. Følg med på utlysningar. Mange lærebedrifter lyser ut ledige stillingar som lærling. Følg med i lokalaviser, NAV og elles på internett.
  7. Skriv ei målretta jobbsøknad til bedrifter du vil jobbe for. I søknaden bør du få med kvifor du vel akkurat denne bedrifta, og kvar i bedrifta du ynskjer læreplass.
  8. Vær godt forberedt til intervju. Når du blir kalt inn til jobbintervju så betyr det at arbeidsplassen er interessert i deg. Kle deg nøytralt, møt presis og slå av mobiltelefonen.
  9. Om du har behov for tilrettelegging i opplæringa bør du opplyse om dette. 

 

Innlegget blei fyrst publisert i Hordaland 07/06/2014.