Kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgivaravgift

Gjennom ordninga med kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift kan utviklingsaktørar, kommunar og større bedrifter søke om midlar til finansiering av næringsretta utviklingstiltak og prosjekt. I Hordaland gjeld ordninga kommunane Etne, Bømlo, Tysnes, Kvinnherad, Jondal , Kvam og Modalen.

Publisert 12.08.14

Hordaland

Privatpersonar kan ikkje søke. Det vert no opna for å søkja om midlar til delfinansiering av prosjekt i 2014. Årets ramme er på ca kr 48,5 mill kr.

Utlysing av midlar for 2014

Noverande ordning med kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift i 7 kommunar i Hordaland blir vidareført for 2014. Dei sju kommunane er Bømlo, Etne, Kvinnherad, Tysnes, Jondal, Kvam og Modalen. Kommunane fekk innført full arbeidsgivaravgift i 2004 og har sida den gang vore med i ei kompensasjonsordning for den auken i arbeidsgivaravgift som blei innført i 2004. Full arbeidsgivaravgift er 14,1 % av lønnskostnadene, medan den reduserte arbeidsgivaravgifta før 2004 var 10,6 %. Noverande periode for denne kompensasjonsordninga skulle opphavleg gå frå 2007 til 2013, men er blitt forlenga til 30.06.2014. Denne forlenginga er bakgrunnen for at ordninga blir vidareført i 2014 for alle sju kommunane i Hordaland.

Den auka arbeidsgivaravgifta har blitt kompensert på to måtar. Alle bedriftene får ein direkte kompensasjon for eit beløp inntil øvre grense for ordninga med bagatellmessig støtte. Dette inneber at bedrifter med lønnskostnader på inntil ca 15 mill kr i praksis ikkje betaler meir enn den opphavlege satsen i arbeidsgivaravgift. Dei større bedriftene i desse kommunane må betale full arbeidsgivaravgift av lønnskostnader på over ca 15 mill kr. I samband med innføringa av auka arbeidsgivaravgift i 2004 bestemte regjeringa at det dei store bedriftene betalte inn i arbeidsgivaravgift utover 10,6 % skulle tilbakeførast  til kommunen/regionen. Det er denne tilbakeføringa som utgjør kompensasjonsmidlane for auka arbeidsgivaravgift.  Midlane skal nyttast til næringsretta utviklingstiltak.

Dei store bedriftene er svært ulikt fordelt i dei 7 kommunane. Dei fleste ligg i kommunane Bømlo, Kvinnherad og Kvam, medan det er få eller ingen slike bedrifter i kommunane, Etne, Tysnes, Jondal og Modalen. Det er difor utforma regionale retningsliner for Hordaland som seier at det meste av kompensasjonsmidlane skal gå til utviklingstiltak i Bømlo, Kvinnherad og Kvam, men at noko av midlane også skal gå til utviklingstiltak i dei fire andre kommunane. 

48,5 mill. kr i 2014 
Årleg blir det sett av ein sum i Statsbudsjettet tilsvarande  det dei store bedriftene har betalt inn i arbeidsgivaravgift utover 10,6 %. Denne summen blir overført fylkeskommunen som har ansvaret for å forvalte midlane. I 2014 er denne summen på 45,6 mill kr. I tillegg kjem renter på unytta midlar frå tidlegare år slik at det totalt er ca 48,5 mill kr til disposisjon i 2014.

Det blir no opna for at utviklingaktørar, kommunane og større bedrifter kan søke om støtte frå kompensasjonsmidlane  til finansiering av næringsretta utviklingstiltak. Søknad må sendast via det nettbaserte søknadssystemet RF13.50  Søknadssystemet er i stor grad sjølvforklarande. Nye brukarar av systemet må registrere seg for å kunne ta det i bruk, mens tidlegare brukarar berre kan logge seg på.

Nytt av året er at det er sett ein søknadsfrist for å kunne søke om kompensasjonsmidlar for 2014.  Søknadsfristen er sett til 15.09.2014.

Prioriteringskriterier
Det er utforma nærare opplysningar om krav til søknaden ogprioriteringskriterier. Alle blir oppforda til å sette seg inn i krava.  På basis av innkomne søknader, vil ei eiga styringsgruppe  oppretta av fylkeskommunen som består av ordførarar og næringsleiarar frå dei syv kommunane utarbeide ei utkast til ein samla plan for bruken av kompensasjonsmidlar for 2014 inkludert å gjere ei prioritering av kva for prosjekt som skal få støtte og eventuelt kor mykje. Samarbeidsrådet for Sunnhordland er sekretariat for styringsgruppa. Planen blir sendt til fylkeskommunen kor fylkesutvalet har ansvaret for godkjenning av planen. Det er lagt opp til ein framdriftsplan som inneber at planen skal bli handsama i fylkesutvalet før jul.

Alle søknader må leggjast inn på www.regionalforvaltning.noSøknadsfrist er 15.09.2014.

Kontaktpersonar: 
Samarbeidsrådet for Sunnhordland: Gro Jensen Gjerde,  tlf. 53 45 67 93   Mob. 900 89 150
Hordaland fylkeskommune: Arthur K. Arnesen, telefon 970 93 086