Morgondagens mobilitet - korleis må vi innrette oss?

Transportsektoren står ovanfor ei bølgje av nye teknologiske løysingar, nye energiberarar, autonome køyretøy, og aukande krav til reduksjon av utslepp. Korleis vil det påverka næringane og infrastrukturbehovet framover? NHO var tysdag på besøk hos fleire bedrifter i Sogn og Fjordane for å høyre deira tankar om dette.

#205

Pål Anders Kårstad, prosjektleder Airlift, Tom Knudsen, Reg.dir NHO Vestlandet, Thomas Felde rådgjevar NHO, Børre Eimhjellen, kommersiell direktør Airlift og Silje Rødeseike, rådgjevar NHO Vestlandet i Sogn og Fjordane

Publisert 22.02.18

Vestlandet

NHO vil diskutere transportutvikling med næringslivet 

NHO tek no initiativ til møter med bedrifter og næringsliv i heile landet for å diskutere framtidas transportløysingar og kva moglegheiter og utfordringar dette vil innebere for bedriftene. Møta skal gje NHO eit grunnlag for å utforme innspill til neste NTP og denne veka var vi på plass i Sogn og Fjordane for å prate med ulike bedrifter innan luftfart, veg- og sjøtransport.

- Samferdsle er noko som opptek mange og er viktig for næringslivet. Det var veldig spennande å høyre kva moglegheiter og utfordringar næringslivet her i regionen ser framover, særleg knytt til digitalisering og digitaliseringa si innverknad på samferdslesektoren, seier seniorrådgjevar i NHO med ansvar for samferdsle, Thomas Felde.

Innlands helikoptermarknad og dronteknologi

Dagen starta hos Airlift på Førde Lufthamn Bringeland, som er det største innlands helikopterselskapet i Nord-Europa. Kommersiell direktør, Børre Eimhjellen, i Airlift trur energiforbruk og type energiberar vil ha stor betydning for val av transport i framtida. Samfunnet vil krevje at transporten er mest muleg kostnadseffektiv og miljømessig riktig. Derfor har Airlift eit alternativ klart for denne utviklinga, dei utvidar no helikopterflåten sin med droner.

- I dag er droner kome som eit miljøriktig tillegg, og det er fleire aktørar som begynner å etterspørje tenester med droner, seier Eimhjellen.

Pål Anders Kårstad er tilsett som prosjektleiar for dronesatsinga til Airlift. I følgje Kårstad er droneteknologi, ein teknologi som vil endra heile helikopterbransjen. Airlift ser moglegheiter i dette og ønskjer å kople ny teknologi og eksisterande luftfartskompetanse. Les meir om dronesatsinga til Airlift her

Airlift poengterte vidare viktigheita av å regulere bruk av droner i framtida, og at dette må gjerast med regelverk. Ein må også syte for at droneoperatørar følgjer regelverket.

- Det må lagast eit regelverk som mogleggjer kreativitet og nyskaping, samtidig som det må ivareta sikkerheit til annan luftfart, seier Eimhjellen. 

I Førde tok vi turen til Firda Billag og Transferd. Firda Billag AS er eigd av 13 kommunar i Sogn og Fjordane i lag med Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Selskapet har blant anna følgjande forretningsområde: skule- og rutekøyring, ekspressbuss, turkøyring, godstransport (Transferd) bilutleige og verkstad.

Firda Billag set også miljøet i fokus. I samarbeid med Volvo skal dei testa fylkets første hybridbuss, som skal brukast som bybuss i Førde. Firda Billag Buss AS og Transferd AS har dei siste tre åra investert over 200 millionar kroner i oppgradering av vognparken til EURO-6 standard. I tillegg til store investeringar i moderne teknologi og utstyr har godsselskapet Transferd AS gjennomført eit eige prosjekt «På riktig side» i samarbeid med Norsk Lastebileigarforbund. Dette prosjektet har mellom anna som mål å redusere forbruket av drivstoff. Les meir om det her

Arne Hetle frå Firda Billag, Thomas Felde og Tom Knudsen frå NHO, Nils Huus og Tore Olsen frå Tranferd og Peter Midthun frå Firda Billag 

#205

Miljøteknologi og hydrogensatsing

Frå Førde tok vi turen til kysten og Florø. Her fekk vi møte representantar frå Fjord 1, INC, Sagafjordbase og Maritim foreining. Fjord 1 er leiande innan det grøne skiftet i sin sektor, arbeidet med det starta i 2000 med LNG. I 2015 kom kravet om at alle kommande ferjeanbod har krav til nullutsleppsteknologi, når teknologien tilseier det. Det førte til ei omstilling av heile organisasjonen med mål om å «elektrifisere heile organisasjonen» og vinne nye kontraktar på meir miljøvenleg teknologi. Verdas første heilelektriske ferjesamband Anda-Lote er eit eksempel. Dei har i dag vunne nye langsiktige kontraktar med 28 ferjer av 35 moglege, der det i praksis er krav om el-ferjer.  Vidare og neste steg for Fjord 1 er eit utviklingsprosjekt med hydrogen. 

Og hydrogen er det fleire som held på med og ser moglegheiter i. Trond Strømgren frå Maritim Foreining presenterte prosjektplanane for ei hurtigbåtferje på hydrogen, som er eit samarbeid mellom Brødrene Aa, Mancraft, Florø skyssbåt og Flora kommune. I prosjektet ser dei også på mulighetene for hydrogen-tanking på Fjord Base i Florø. Beate Grønnevik og Svein Arne Bjørkedal frå INC-gruppen var også til stades for å gje oss eit betre innblikk i aktivitetane på basen i Florø. Blant anna bygger dei ut, stort og grønt, for å ha fleire bein å stå på. De ønskjer no å satse på hydrogen og landbasert oppdrett. Dei ønskjer ikkje at Stortinget skal oppheve fritaket for Co2-avgift for LNG som rammer lavutsleppsenergi i skipsfarten. Meir gods frå land til sjø var også eit viktig bodskap.

Driftsdirektør i Fjord 1, Andre Høyset, ga også innspel på saker som bidreg i feil retning. Co2 avgift på LNG frå 2018 er eit eksempel han også trakk fram. For framtida ønskjer de eit Co2 fond på linje med Nox-fondet og at det blir investert meir i ny teknologi.

Korleis sikre at ny teknologi tas i bruk i størst mogleg grad når den er tilgjengeleg er viktig, og NHO har lansert tanken om eit Co2 fond. Både NHO og bedriftene meiner også at offentlege innkjøp kan vere ein motor for grøne løysingar. 

På bilete: Trond Strømgren frå Maritim Foreining, Svein Arne Bjørkedal og Beate Grønnevik frå INC, Silje Rødeseike, Thomas Felde og Tom Knudsen frå NHO og Andre Høyset frå Fjord 1. 

#205