Møte om regionale ruteflygingar

Måndag deltok NHO Vestlandet saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune på eit møte med Samferdsledepartementet om FOT-rutene.

#205

Fotograf: Tom Knudsen

Publisert 08.05.18

Vestlandet

Møte vart heldt i forbindelse med innspel til og arbeidet med nytt konkurransegrunnlag for regionale ruteflygingar i Sør-Norge frå 1.april 2020. Representantar frå kommunal- og moderniseringsdepartementet var også til stades. NHO Vestlandet vart invitert med for å representere behova til næringslivet i fylket.

Det var eit godt møte og NHO Vestlandet, ved Tom Knudsen, bad om at følgjande søkjast ivaretatt i det vidare arbeidet:

Vi kan slå fast at flytilbodet til og frå Oslo og til og frå Bergen er viktigast for næringslivet, og sjølv om ein del for Florø gjeld arbeidsreiser i forbindelse med aktivitetar på sokkelen. Delen arbeidsbetinga reiser for desse lufthamnene er høgare enn landsgjennomsnittet, noko som også illustrerer betydningen lufthamnene har for næringslivet og verdiskaping i Sogn og Fjordane.

Når det gjeld den lokale tilknytinga mellom regionssentera så vil utvikling av vegar ha størst betydning, i kombinasjon med traseane nord og sør (E39) og traseane aust og vest (E16 og Rv52)

Næringslivet er ikkje nøgd med billettprisane. Dette kjem fram på same måte frå næringslivet i Troms og Finnmark.

Ferjetilbodet (riksvegsambandet) i området må også bli teken omsyn til. Til dømes i Balestrandområdet.   

 

Kontakt oss

Tom Knudsen

Regiondirektør

NHO Vestlandet

Tom.Knudsen@nho.no
Mobil
90830688