Eit tilbakeblikk på Næringsdagane

– Verdien av arbeid utgjer tre fjerdedelar av vår nasjonalformue. Arbeid skapar inntekter for den enkelte, for bedrifta, og det er arbeid som legg grunnlaget for velferda vår. Slik opna Øystein Dørum, sjefsøkonom i NHO, Næringsdagane i Balestrand.

Foto: Næringsdagane

Publisert 08.05.18

Vestlandet

Verdien av arbeid er enorm. Vi trenger å få fleire som står utanfor arbeidslivet inn i jobb, og vi må skape nye arbeidsplassar. Bedriftene er nøkkelen til både inkludering og jobbskaping. Fleire, nye arbeidsplassar kan ikkje berre vedtakast, dei vert skapt gjennom gode rammevilkår for bedriftene. Difor blir det viktig at regjeringa legg til rette for vidare vekst.

Dette kunne statssekretær Magnus Thue også vere einig i. Han tala blant anna om ein næringspolitikk for vekst og korleis ein kan legge til rette for dette både gjennom nye bedrifter, men også gjennom vekst i eksisterande. Han var også imponert over bedriftene i fylket, og viste til døme som Fjordbase i Florø, Brødrene Aa i Hyen og Future of The Fjords.

Bedriftene i Sogn og Fjordane har verkeleg skjønt moglegheitene i det grøne skiftet, sa Thue.

Elin Ørjasæter var også einig i at bedriftene her er framoverlente:

Det å vere ein vestlending er å vere rotfast, men likevel innovativ rett ut i verda!

Ikkje berre er bedriftene innovative og produktive, men dei er også inkluderande. Mange bedrifter i fylket vårt har lang erfaring med å gje folk med hol i cv-en ein sjans. Kva er det verdt for dei som får denne sjansen? Kva betyr det for bedrifta og samfunnet? Tom Dyrdal frå Avery Dennison NTP og Jørgen Christian Lindstrøm frå Quality Hotel Sogndal har begge lagt til rette for dette i si bedrift gjennom blant anna Loop-prosjektet til NAV og NHO-prosjektet «Ringer i Vatnet».  

Ja, salen var fylt med jobbskaparar. Og for å poengtere dette heldt 18 år gamle Casper Lehland frå NHO eit inspirerande innlegg om næringslivet som bidragsytar til velferdssamfunnet. Hadde det vore opp til Lehland ville NHO ha heitt VHO – Verdiskaparane si Hovudorganisasjon. Det klinger godt!

Ein kan ikkje komme unna å snakke om jobbskaparar utan å nemne Fjord1. Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, heldt eit engasjerande og spennande føredrag om deira reise til der dei er i dag. Dei har heile 1200 tilsette, og fokuserer sterkt på relasjonsleiing. Men ein ting skal vere klart:

Vi har ikkje plass til sure folk, flaggar Neteland.

 

Teknologi i arbeidslivet

Ingen andre enn Christine Korme frå Abelia kan vel gi oss eit betre bilde på korleis digitaliseringa påverkar bedriftene og arbeidslivet. Digitaliseringa kan gi nokon utfordringar i dei ulike bransjane, men ein ting var føredragshaldarane frå Airlift, Osland Havbruk og Sparebanken Sogn og Fjordane einige om – digitalisering gir enda fleire moglegheiter enn ulemper! Og kanskje det er nettopp gjennom ny teknologi at dei nye arbeidsplassane skal kome?

Hilde Corneliussen frå Vestlandsforsking kunne legge fram forskinga si om kvinner og teknologi. Visste du for eksempel at det var 6 kvinner som programmerte verdas første datamaskin? Vi i NHO jobbar blant anna for at fleire jenter skal velje teknologi gjennom vårt prosjekt «Jenter og Teknologi». I 2030 vil faktisk 1 av 4 IKT-jobbar stå ubemanna! Derfor er det viktig å rekruttere frå heile befolkninga. Det er også gledeleg å sjå at det nye IT-studiet i Førde har over 30 % jenter!

Future of the Fjords

Konferansen blei heldt på vakre Kviknes Hotel i Balestrand, men det ble også til ein flytande konferanse når deltakarane fekk vere med på jomfruturen til Future of the Fjords. Med innlegg frå blant anna Rocketfarm, Hydro Årdal og Tibber, og ein pitchekonkurranse med 5 dyktige gründerar var stemninga satt. Båtturen var arrangert saman med Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, Forum for Grøn Energi og Siva som i år feira sitt 50 års-jubileum.

Kompetanse

Jan Heggheim frå fylkeskommunen og Tore Thorsnes frå NAV leverte paradokset: Gode på jobbskaping, men synkande folketal, kvifor? Optimismen i bedriftene held fram og fleire store aktørar klarar ikkje tilsette nok folk. Korleis skal vi få fleire til å sjå moglegheitene som finnes i fylket vårt? Og korleis skal bedriftene få tilgang på riktig kompetanse?

Ein må starte tidleg – var svaret til Sindre Kvalheim, dagleg leiar i LocalHost og ein av eldsjelene bak Måløy Academy. Kvalheim saman med HVL og Fagskulen la vekt på korleis dei jobbar som institusjonar med å tilby attraktive og relevante studieløp tilpassa dei endringane som skjer i arbeidslivet og etter bedriftenes behov for kompetanse. Ein viktig fellesnemnar var at ein må ha eit godt samspel mellom næringsliv, FoU og utdanningsinstitusjonar for å gjere dette på best mogeleg måte.

- Samhandling om kompetanse gir auka verdiskaping, utvikling og innovasjon, sa Reidar Grønlie frå Fagskulen i Sogn og Fjordane.

Framtida

Parallelt med Næringsdagane var det i Balestrand samla 500 elevar på innovasjonscamp i regi av Ungt Entreprenørskap. Det lova godt for framtida, då det nettopp er ungdommen som skal finne gode løysingar og svar på dei problemstillingane som vart reist på næringskonferansen. Årets Ungdomsbedrift i Sogn og Fjordane, EarthCase, heldt ein god presentasjon av sin idé og bedrift. Har du nokre gamle dongeribukser kan EarthCase sy dei om til pennalhus.

Takk til partnarskapen for godt samarbeid, til føredragshaldarar for gode bidrag og til deltakarar for rekordoppmøte. Dette har vore vårens vakraste eventyr!

NHO Vestlandet ønskjer også å gratulere Siva med sitt jubileum – 50 år med innovasjon og tilrettelegging for vekst!