NHO Gründer – for deg i etableringsfasen

Norge treng 600.000 nye arbeidsplassar dei nærmaste åra om vi skal halde tritt med velstandsutviklinga. Gründerane er viktige bidragsytarar om vi skal nå desse måla.

Publisert 30.05.18

Vestlandet

Difor fokuserer NHO og 16 landsforeiningar ekstra mykje på nystarta bedrifter gjennom satsinga NHO Gründer. Gjennom eit medlemskap i NHO Gründer vil vi gjere alt vi kan for at kvardagen for gründerane skal følast tryggare, enklare og meir oversiktleg.

Handelshøyskolen BI og professor Torgeir Reve har undersøkt og funne at i årå 2003-2014 blei to av tre nye arbeidsplassar skapt i dei nye og unge bedriftene. I denne perioden blei 220.000 nye heiltids arbeidsplassar skapt i dei nyetablerte bedriftene. NHO meiner det ligg eit stort potensiale i å leggje til rette for at gode gründerprosjekt skal lykkast i årene som kjem.

Dei første åra er som kjent dei mest kritiske i ei gründerbedrifts liv. Kanskje ikkje så rart at denne perioden ofte kallast for "blodbadfasen". NHO og landsforeiningane ønskjer å bidra til å hjelpe fleire av dei nye selskapa til ein berekraftig og lønnsam drift, og tilbyr nå eit spesialdesigna medlemskap nettopp for gründerbedrifter.

- Eg er glad for at vi har fått alle landsforeiningane i NHO-familien med på denne storsatsinga for entreprenørskap og oppstartsbedrifter. Dei små bedriftene utgjer ein nøkkelrolle i det norske velferdssamfunnet og vi ønskjer å bidra til at enda fleire ønskjer å starte bedrift, og til at enda fleire lykkast, seier Kristin Skogen Lund, administrerande direktør i NHO.

Gründersatsinga til NHO vil ha to berebjelkar: politisk påverking og praktiske medlemsfordelar. NHO vil jobbe for betre rammevilkår for gründerbedrifter gjennom eit særleg fokus på:

  • Skjemavelde og forenkling
  • Finansiering og kapitaltilgang
  • Rettigheiter og plikter for enkeltpersonsføretak

Medlemskapet i NHO Gründer kostar 2 000 kroner i året og tilbys bedrifter som er i sine første tre driftsår, og som har under sju millionar i omsetning. Bedrifta blir da medlem av NHO Gründer og i ein av våre landsforeiningar. Vi stiller våre rådgjevarar og fagpersonar til rådigheit og kan tilby gode rabatterte avtaler innanfor blant anna pensjon, forsikring og advokathjelp. I tillegg får du som medlem tilgang til vår digitale arbeidsgjevarportal arbinn.no, der bedriftene kan få hjelp til å drive bedrift si gjennom malar, kontraktar og svar på aktuelle spørsmål.

Korleis bli medlem?

Ta gjerne kontakt direkte med den mest relevante landsforeininga for nettopp di bedrift. Du kan også ta kontakt med oss i NHO Vestlandet, eller melde deg inn direkte via linken under.

Kontakt oss

Magnvor Lunåshaug

Gründeransvarlig

Produkt

magnvor.lunashaug@nho.no
Mobil
91396531
Ingrid Bertelsen

Rådgiver

NHO Vestlandet

ingrid.bertelsen@nho.no
Mobil
93098207