Nytt styre i NHO Vestlandet

Eit nytt styre for regionforeininga NHO Vestlandet er no på plass, med lik representasjon frå begge fylka. Torsdag førre veke hadde det nye styret sitt første møte, i hovudstaden.

#205

Fotograf: NHO Vestlandet Styret i NHO Vestlandet utanfor Stortinget. (Fr.V.bak. Kurt R. Andreassen (Coast Center Base), Ove Kjøllesdal (Eid Elektro), Olav Svendsen (Bremnes Seashore), Tom Knudsen (NHO Vestlandet), Fr.V foran. Siri Dalehaug (Skjolden Hotel), styreleiar Bjarte Hordnes (Bodoni), nestleiar Hanne Husebø Kristensen (Flora Dyreklinikk) og Aina Berg (Uni Research).

Publisert 12.06.18

Vestlandet

Det nye styret for den samanslåtte regionforeininga mellom Hordaland og Sogn og Fjordane blei valt på årsmøte i Hordaland i april og i Sogn og Fjordane i mars. Årsmøta la til grunn at prinsippet om likeverdig representasjon frå begge fylka skulle ivaretakast i det nye styret. Styret består av 8 medlemmar fordelt på bedrifter frå både Hordaland og Sogn og Fjordane.

Fire representantar frå Sogn og Fjordane

Næringar som bygg- og anlegg, reiseliv, elektro og mat- og drikke vert representert gjennom bedriftsleiarar frå Sogn og Fjordane. Hanne Husebø Kristensen frå Flora Dyreklinikk blei etter årsmøtet valt til nestleiar og Siri Dalehaug frå Skjolden Hotel, Knut Arild Flatjord frå GK inneklima og Ove Kjøllesdal frå Eid Elektro vart valt inn som styremedlemmar.

Det nye styret i regionforeininga NHO Vestlandet vart leia av Bjarte Hordnes (Bodoni AS). Bente Valland (Rema Distribusjon AS), Kurt Rune Andreassen (Coast Center Base AS), Olav Svendsen (Bremnes Seashore) blei valt inn som styremedlemmer frå Hordaland.

- Vi har fått eit godt, kompetent og engasjert styre som famnar breitt, både geografisk og bransjemessig. Dette gir slagkraft for NHOs medlemsbedrifter i dei to fylka og dannar eit godt grunnlag for å arbeide vidare med å styrke næringslivet på Vestlandet, seier regiondirektør for NHO Vestlandet Tom Knudsen. 

- Vi skal jobbe tettare, opp mot styresmakter og gjennom felles møteplassar. Med ei større eining får vi moglegheit til å spesialisere oss meir og jobbe med saker som er viktig for næringslivet i begge fylka, seier Knudsen.

Førre veke hadde det nye styret sitt første møte, samt møte med stortingsbenkane frå Hordaland og Sogn og Fjordane, i Oslo. Arbeidslivskriminalitet, marknadsadgang, samferdsle og viktige vegprosjekt, sukkeravgift og karbonfangst- og lagring var nokre saker på agendaen som vart teken opp med stortingsrepresentantane. 

Oversikt over styret og vararepresentanter i NHO Vestlandet er tilgjengelig her