Ønskjer synleggjere moglegheitene i Europa

NHO Vestlandet arrangerte onsdag Europadagen i Førde. Ein dag som var meint for inspirasjon og informasjon om moglegheitene i Europa. Fleire aktørar og gode føredragshaldarar var samla for å belyse ulike spørsmål i tilknyting til Norges forhold til EU.

#205

Fotograf: Silje Rødeseike

Publisert 22.03.18

Vestlandet

Dagen vart opna med ein representant frå europapolitisk avdeling i Utanriksdepartementet, norske aktørar i Brussel, bedriftsdøme, og innlegg frå mellom anna Innovasjon Norge og Forskingsrådet, som jobbar spesielt opp mot ulike EU-program, der norske bedrifter kan ha mykje å hente i form av midlar. Vi har ressursar i fylket som hjelper bedriftene med søknadsprosesser i den samanheng, og det var viktig at vi fekk vist fram disse.

Fleire må få auga opp for EU-prosjekt og støtteordningar

Horisont 2020 er EUs forskings- og innovasjonsprogram, med svimlande 80 milliardar euro i potten for perioden 2014-2020. Det skal støtte forsking og innovasjon med stor samfunnsnytte og på sikt kan deltaking i EU-prosjekt gje auka innovasjon og betra konkurranseevne i fylket.

Men, det kan vere langt frå Sogn og Fjordane til Brussel, samt tid- og ressurskrevjande for små- og mellomstore bedrifter å få tak i EU-midlar. Dette er det fleire aktørar som ønskjer å gjere noko med.  Zuzana Nordeng og Ivar Petter Grøtte frå EU-nettverket i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking delte nokon erfaringar og tankar om korleis det offentlege, FoU og næringsliv kan betre samarbeide slik at det blir lettare å få i gang EU-støtta forskingsprosjekt i Sogn og Fjordane. 

EØS-avtalen er viktig, men bedriftene er usikre på kva brexit betyr 

Den britiske marknaden for handel og investeringar er stor og viktig for norske bedrifter. Eksporten av varer og tenester til UK utgjer rundt 1/5 av Norges samla eksport. Statsvitar og tidlegare leiar for Europabevegelsen Jan Erik Grindheim presentere ein heilt fersk rapport, gjort på vegne av NHO, om kva betydning brexit/ EØS har for norske bedrifter og arbeidsplassar.

Norsk næringsliv er i ein sårbar situasjon. Når Storbritannia forlèt EU, forlèt dei også EØS, utan at Norge er ein del av forhandlingane. Det er no viktig at norske myndigheiter raskt og parallelt med EU får på plass ein avtale med UK som tar hand om næringslivets interesser på ein god måte og at norske myndigheiter oppretthold eit tett og nært forhold til både EU og UK.

Frå Utanriksdepartementet deltok Kristian Røed, som ga oss ein oppdatering på korleis regjeringa jobbar med norsk europapolitikk og, nettopp brexit.

I dag går 80 prosent av norsk eksport til Europa. Europa er nærast oss, lik oss og har behov for dei varene Norge sel. Europa er difor vår viktigaste marknad. Tilgangen til den europeiske marknaden gjennom EØS-avtalen gir norsk næringsliv føreseielegheit og moglegheit til å selje sine varer og tenester på like vilkår. Dette er avgjerande for sikre økonomisk vekst og velferd i Norge. Det er viktig for NHOs medlemsbedrifter at ikkje EØS-avtala blir satt i fare, den har tjent oss godt!

Kontakt oss

Silje Luzia Rødeseike

Rådgiver

NHO Vestlandet

silje.rodeseike@nho.no
Mobil
92839839
Ingrid Bertelsen

Rådgiver

NHO Vestlandet

ingrid.bertelsen@nho.no
Mobil
93098207