Signerte opprop for fleire læreplassar på Stord

Lokale kandidatar frå Sunnhordland samt Fylkestinget var samla på Kværner Stord tysdag 1. september. Dei lokale kandidatane var utfordra av NHO Hordaland til å signere eit opprop for å arbeida for fleire læreplassar.

Bilete: frå venstre: Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, Sp i Etne, Natalia Golis, MDG fylkestinget, Marthe Hammer, SV Fylkestinget, Siri Klokkerstuen, Ap i Etne, Edgar Inge Damås, Stord Ap, Wenche Tislevoll, Høgre og ordførar i Fitjar, Lars Einar Hollund, Høgre i Sveio, William Bond Larsen, MDG Stord, Tom-Christer Nilsen, Høgre og fylkesordførar, Liv Kari Eskeland, Høgre og ordførar på Stord, Tom Knudsen, regiondirektør NHO Hordaland, Terje Søviknes, Frp, ordførar i Os, Sigbjørn Framnes, Frp Stord, Anne Beth Njærheim, Venstre Fylkestinget, Jakob Bjelland, Stord Sp, Harry Herstad, Stord Ap, Pål Kårbø, Krf fylkestinget og Bente Bondhus, Sp Fylkestinget.

Publisert 02.09.15

Hordaland, Aksjon lærebedrift, Valget 2013

Næringslivets hovudorganisasjon har i desse dagar ein kampanje kor lokale kandidatar vert utfordra til å signere eit opprop for fleire læreplassar. Til no har over 700 kandidatar til kommune- og fylkestingsvalet signert oppropet. – Me ser at kommunane har meir å gå på når det gjeld å ta inn lærlingar. Særleg i faga helsefagarbeidar og barne- og ungdomsarbeidar, sa Tom Knudsen på møtet.

I 2012 vart Samfunnskontrakten mellom offentleg sektor og partane i arbeidslivet signert. Målet var å auka talet på læreplassar med 20% innan 2016. Til har Hordaland berre auka med 3%, medan Rogaland har auka med 6%. Samstundes har KS satt opp ein norm kommunane om å ha ein lærling pr. 1000 innbyggar. Knudsen kom med ei klår oppmoding til kandidatane. - Eg vil be dykk alle om å gå til rådmannen for å utgreie korleis kommunen kan auka talet på læreplassar, samt korleis kommunen kan nytta anbodsprosessar til å krevje at leverandører nyttar lærlingar på prosjekta, sa Knudsen.

Alle dei frammøtte politikarane signerte oppropet. I Hordaland er det framleis om lag 280 elevar som ikkje fått tilbod om læreplass. Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) har teke til orde for ein tverrpolitisk dugnad og banke dørar hos verksemder saman med partane i arbeidslivet, for å skaffe desse elevane ein læreplass. – Vi må halde trykket oppe, både frå politisk hald og i frå arbeidslivet.