Tregare arbeidsmarknad

Sjølv om det framleis er aktivitet i arbeidsmarknaden, går det tregare enn tidligare, og det har blitt vanskelegare for utsette grupper.

FLATAR UT: Arbeidsløysa i Hordaland ser no ut til å stabilisere seg etter eit år med auke. Ved utgangen av april var det 2,3 prosent arbeidsledige i fylket. Foto: Øivind Skjervheim 

Publisert 02.06.14

Hordaland

Det siste året har det vore ei aukande arbeidsløyse i fylket. Dei fire første månadene i 2014 var det 13 prosent  høgare arbeidsløyse enn for same periode i fjor. Samstundes er det eit stykke igjen til fylket vil tangere det høge nivået frå 2010. Dei siste par månadene indikerer også dei sesongjusterte tala at auken er i ferd med å flate ut.

Utvikling i arbeidsløysa i Hordaland, 2008-2014. Kjelde: NAV 

Utvikling i arbeidsløysa i Hordaland, 2008-2014. Kjelde: NAV

Ser vi denne utviklinga i lys av bedriftsundersøkinga, og av NAV Hordaland sin arbeidsmarknadsprognose for 2014, ser det ut til at det vil vere eit relativt stabilt nivå på arbeidsløysa i tida framover. Det vil bli meir utfordrande for utvalde grupper som innvandrarar, langtidsledige og ungdom.

Bedriftene er meir pessimistiske
Bedriftene er meir pessimistiske enn dei var i same undersøking i fjor, og er tilbake til dei låge forventningane dei hadde i mai 2012. Den minst optimistiske  næringa totalt sett er bygg- og anlegg, samt  næringsmiddel- og treforedlingsindustrien. Stort sett er det lågast forventningar til investeringsnivået, medan utsiktene til inntening er meir moderate. Det er litt fleire bedrifter som seier dei skal rekruttere enn dei som seier dei skal nedbemanne.

Låg sysselsetjing og aukande arbeidsløyse
Ved utgangen av april 2014 var det 6125 heilt arbeidsledige i Hordaland. Det utgjer 2,3 prosent av arbeidsstyrken. Den lågaste arbeidsløysa finn vi i indre og sørlige delar av fylket. Samanliknar vi med 1. tertial 2013, er det framleis en reduksjon i bruken av permitteringar. Arbeidsløysa for dei langtidsledige og arbeidssøkjarar  med innvandrarbakgrunn stig med rundt 20 prosent, medan auken i ungdomsledigheten er på 6 prosent.

Det er verdt å merke seg at frå byrjinga av fjoråret har talet på ledige i bygg- og anleggsnæringa auka med 20 prosent. Denne næringa er gjerne ein tidleg indikator på at arbeidsmarknaden og dei økonomiske konjunkturane snur. Det var tilfellet etter finanskrisa då ein kraftig auke i arbeidsløysa innan bygg og anlegg seinare vart følgt av industri og andre næringar. Bygg og anlegg var også den næringa der dei fyrste positive teikna viste seg etter krisa.

Større konkurranse om jobbane

Utviklinga i talet på utlyste stillingar i Hordaland. 12 månaders glidande gjennomsnitt 2008-2014. Dette er snittet av dei 12 føregåande månadene på kvart einskild tidspunkt. Kjelde: NAV

Utvikling i arbeidsløysa i Hordaland, 2008-2014. Kjelde: NAV


Dei fire første månadene i 2014 var det 21 prosent færre stillingar samanlikna med 2013. Det kom på toppen av ein reduksjon på 13 prosent i stillingsutlysingar for 2013 samla sett. Talet på utlysingar er det lågaste det har vore på mange år, og utgjer ein brems på flyten i arbeidsmarknaden. Igjen er det verdt å legge merke til bygg- og anleggsnæringa. Talet på utlyste stillingar dei fire  første månadene i år er det lågaste sidan finanskrisa, og det er ein reduksjon på 33 prosent frå 2013.

Det kjem ikkje så mange fleire nye arbeidssøkarar  enn vanleg til NAV-kontora. Likevel fører få stillingsutlysingar og større konkurranse om jobbane til at fleire brukar lenger tid på å kome i arbeid.

Artikkelen er utarbeidd av NAV