Verksemdene slår kaldt vatn i blodet

Bedriftsundersøkinga viser at private og offentlege verksemder i Hordaland samla sett har lågare forventingar til omsetnad, lønsemd og investeringar enn dei hadde i mai 2013.

Forventingane fell: Bedriftene i Hordaland er ikkje lenger like optimistiske. Best merkast det i byggjenæringa. Foto: Næringsbarometeret

Publisert 27.05.14

Hordaland, Næringsbarometeret

 

Forventingsfall i vest

Bedriftsundersøkinga viser at forventingane i første kvartal av 2014 er lågare enn dei var på same tid i fjor i alle regionane i Hordaland. Den samla forventingsindeksen ligg seks prosentpoeng lågare enn fjoråret, men noko høgare enn i mai 2012. Bedriftsundersøkinga viser òg at forventingane til 2014 er ulikt fordelte i Hordaland. Størst fall er det i Region Vest der forventingane falt med 22 poeng frå mai i fjor – ein dramatisk reduksjon. Det er trua på auke i omsetnad, lønsemd og investeringar som har minka i vest. Det er grunn til å tru at dei låge forventingane har samanheng med uvisse innan petroleumsnæringa og dei tilknytte næringane i første kvartal i 2014.

Figur 1: Samla forventingsindeks, målt som gjennomsnitt av dei fire delindeksane omsetnad, lønsemd, tilsette og investeringar. Alle næringar. Kjelde: Bedriftsundersøkinga

Samla forventingsindeks, målt som gjennomsnitt av dei fire delindeksane omsetnad, lønsemd, tilsette og investeringar. Alle næringar. Kjelde: Bedriftsundersøkinga

Også Hardanger/Midthordland og Nordhordland kan vise til kraftig reduksjon i forventingar med rundt 10 poeng kvar. Sunnhordland har det høgste og mest stabile forventingsnivået for 2014 saman med Bergensregionen. Det er først og fremst investeringslysta som sviktar i regionane, men i Hardanger/Midthordland er det òg lita tru på at ein vil gjere nye tilsetjingar. I tillegg er det mange som har lita tru på lønsemda i 2014. Dette står i stor kontrast til optimismen som rår innan reiselivet i Hardanger og industrien i Odda (sjå eigne artiklar).

Figur 2: Samla forventingsindeks for 5 regionar i Hordaland. Kjelde: Bedriftsundersøkinga

Figur 2: Samla forventingsindeks for 5 regionar i Hordaland. Kjelde: Bedriftsundersøkinga

Bygg, anlegg og eigedom: Kraftige fall i forventingar

Det kraftigaste fallet i forventingar i denne utgåva av Næringsbarometeret er å finne innan bygg- og anlegg. Om lag halvparten av dei spurde bedriftene trur 2014 blir om lag som 2013. Likevel er det langt færre enn tidligare som trur på oppgang i året som kjem samanlikna med fjoråret. Den samla forventingsindeksen har falle frå 22 poeng våren 2013 til 9 poeng våren 2014.

Det er særleg verksemder som driv med oppføring av bygg og handverkarar som har lågare forventingar til omsetnad og driftsresultat i 2014. – Det er viktig å hugse på at investeringane i bygg og anlegg har auka år for år etter 2008, og har vore på eit rekordnivå dei to siste åra, meiner Hans Martin Moxnes i EBA Vestenfjelske. – Det undersøkinga viser er at bedriftene er meir skeptiske til om det vil vare.

Bedriftsundersøkinga viser elles at forventingane om lønsemd, omsetnad og tilsetjingar har falle kraftig sidan 2013 – som var eit forventingsfullt år.

Industri: lågare forventingar enn i 2013

Industribedriftene melder om lågare forventingar i år enn i fjor på same tid, men her er ikkje fallet på langt nær så dramatisk som innan bygg og anlegg – berre frå 24 til 19 poeng. Det er verdt å merke seg at forventingane for 2014 ligg 2 poeng høgare enn i 2012.

Figur 3: Forventingsindeks i industrien, målt som differansen mellom dei som ventar auke og dei som ventar nedgang i 2014, med omsyn til omsetnad, lønsemd, tilsette og investeringar. N= 224-255. Kjelde: Bedriftsundersøkinga.

Figur 3: Forventingsindeks i industrien, målt som differansen mellom dei som ventar auke og dei som ventar nedgang i 2014, med omsyn til omsetnad, lønsemd, tilsette og investeringar. N= 224-255. Kjelde: Bedriftsundersøkinga.

Det er forventingar om færre tilsetjingar som i størst grad medverkar til eit fall i samla indeks for industrien, men også svakare forventingar til auke i omsetnad, lønsemd og investeringar dreg indeksen ned. Det er verdt å merke seg at forventingsindeksen til investering steig frå 4 poeng i 2012 til 14 poeng i 2013, for så å hamne på 10,7 poeng i 2014. Sett i dette perspektivet er ikkje det vesle fallet i investeringsforventingar vi no ser, særleg dramatisk. Det same kan vi seie om forventings-indeksen til lønsemd som steig frå 19 poeng i 2012 til 26 poeng i mai 2013. I mai 2014 ligg han på 23 poeng – det er 3 poeng under 2013-nivået, men 4 poeng over 2012 nivået.

SSB sitt Konjunkturbarometer for 2. kvartal 2014 kan melde om ei generelt positiv vurdering for industriproduksjonen i Noreg sett under eitt, men dalande optimisme blant produsentar av investeringsvarer (som maskiner, utstyr og programvare). Dette blir forklart med forventingar om reduserte ordrebehaldningar og ei utflating i sysselsetjingsveksten. SSB melder samstundes om optimisme blant råvareprodusentar og produsentar av halvfabrikata (innsatsvarer). Svak kronekurs er truleg ei medverkande årsak til dette, ifølgje SSB.

Det kan vere det er denne todelinga mellom produsentar av investeringsvarer på den eine sida og produsentar av innsatsvarer på den andre sida vi ser i Bedriftsundersøkinga. Verftsindustrien og leverandørindustrien til denne har ikkje opplevd den same oppgangen så langt i 2014 som energiprodusentane og råvareeksportørane. Men det kan òg vere at forventingane i 2013 var kunstig høge slik at forventingane i mai-barometeret for 2014 eigentleg berre speglar ein positiv utvikling frå 2012.

Transport og engroshandel: Investeringslyst

Pilene peikar oppover for transport og engroshandelsverksemdene i Hordaland – bortsett frå når det gjeld lønsemd. Til tross for positive forventingar til omsetnad, tilsetjingar og investeringar, er det få som trur 2014 blir like bra som 2013. Her må det skytast inn at i 2013 var trua på lønsemd ekstremt stor, med heile 32 poeng mot 16 poeng i år og 15 poeng i 2012. Slik sett er det snarare forventingane i fjor som kan seiast å ha vore for høge.

Figur 4: Forventingsindeks i transport og engroshandel. Målt som differansen mellom dei som ventar auke og dei som ventar nedgang i 2014, med omsyn til omsetnad, lønsemd, tilsette og investeringar. N= 61-75. Kjelde: Bedriftsundersøkinga

Figur 4: Forventingsindeks i transport og engroshandel. Målt som differansen mellom dei som ventar auke og dei som ventar nedgang i 2014, med omsyn til omsetnad, lønsemd, tilsette og investeringar. N= 61-75. Kjelde: Bedriftsundersøkinga - See more at: http://www.naringsbarometeret.no/article/verksemdene-slår-kaldt-vatn-i-blodet#sthash.tBnqQXs8.dpuf

Verksemdene innan transport og engroshandel ligg på same forventingsnivå i år som for eitt år sidan, men godt over nivået i 2012. Nesten halvparten av verksemdene ventar å auke omsetnaden i år i høve til i 2013 og tre av ti ventar å tilsetje nye medarbeidarar. Når det gjeld lønsemd så ventar halvparten at det blir som i fjor, medan tre av ti ventar betre lønsemd i år enn i fjor.

Investeringslysta er veksande innan næringa for tida, noko som vert stadfesta ved at seks av ti meiner omfanget vil bli som i fjor.

Finansiell og forretningsmessig tenesteyting: positive forventingar

Verksemder innan finansiell og forretningsmessig tenesteyting har stor tru på at omsetnaden og lønsemda blir betre i 2014 enn i 2013, viser tal frå Bedriftsundersøkinga. Forventingsindeksen viser 50 poeng for omsetnad og 40 poeng for lønsemd, dette er langt over det ein ser i dei andre næringane. Dei høge forventingane til omsetnad og lønsemd vert ikkje reflektert i tilsetjingar – det er faktisk ein liten nedgang i forventingane til tilsetjingar samanlikna med situasjonen på same tid i fjor. Når det gjeld investeringar, viser Bedriftsundersøkinga at næringa har langt større forventingar no enn i fjor på same tid. I år viser indeksen 14 poeng, i mai i fjor var indeksen nede i seks poeng.

Finansiell og forretningsmessig tenesteyting omfattar kunnskapsbedrifter innan ei rekkje bransjar, frå bankar og forsikringsselskap til konsulentfirma og forskingsinstitusjonar. Felles for mange av desse er at dei tener på at privatpersonar, det offentlege og andre firma kjøper tenester av dei. Slik sett speglar tala dei positive forventingane desse bedriftene har til dei generelle konjunkturane i samfunnet.

Betre rutinar og meir effektiv organisering i verksemdene kan òg føre til betre ressursutnytting og slik gi både høgare omsetnad og betre lønsemd for verksemda. Det er slike tilhøve det er grunn til å tru ligg bak veksten i forventingar i næringa (sjå òg artikkel om Nordea Liv).

Varehandel og personleg tenesteyting: svak tru på lønsemd

Handel er den største næringa i landet. Norsk handel representerer 10,5 prosent av BNP og sysselset over 370 000 personar (Kjelde: Virke hovudorganisasjonen). Den samla indeksen for varehandel og personleg tenesteyting ligg på 11 poeng – som er 3 poeng lågare enn på same tid i fjor, men litt høgare enn for mai 2012. Det er lågare forventingar til omsetnad og tilsetjing som dreg ned indeksen.

Figur 5: Forventingsindeks i varehandel og personleg tenesteyting, målt som differansen mellom dei som ventar auke og dei som ventar nedgang i 2014, med omsyn til omsetnad, lønsemd, tilsette og investeringar. N= 29-46.

Figur 5: Forventingsindeks i varehandel og personleg tenesteyting, målt som differansen mellom dei som ventar auke og dei som ventar nedgang i 2014, med omsyn til omsetnad, lønsemd, tilsette og investeringar. N= 29-46. Kjelde: Bedriftsundersøkinga.

Bedriftsundersøkinga viser at forventingsnivået til lønsemd ligg på same nivå som i 2013, 13 poeng, og at investeringslysta ser ut til å ha komen attende. Det er interessant at trua på lønsemd ligg på same nivå som i fjor – og litt høgare enn i 2012,  trass i låge forventingar til omsetnad. Det er òg lågare forventingar til at det blir fleire tilsetjingar i år enn i fjor, noko som kan tyde på innstramming i næringa. Det er her viktig å vere klar over at dei ulike varehandels- og tenesteytingsbransjane opplever ulike utviklingstrender, og såleis også vil ha til dels svært ulike forventingar til 2014. Medan tenestekonsumet er i stabil vekst, gir nedgang i privatkonsumet lågare sal av varer med investeringspreg, også for private hushald.

Det er grunn til å tru at endra forbruksvanar og kundepreferanser, bransjegliding og netthandel vil føre til svakare omsetnad og lønsemd for visse bransjar og ei rekkje kjeder i åra framover. I  «Prognoser for norsk handel – 2014» peikar Virke på at 2014 kan bli eit betre år enn 2013, men at det vil vere store bransjevise skilnader (sjå artikkel om PAM i Bergen).

Kultur, reiseliv og oppleving

Bedriftsundersøkinga viser at verksemder innan næringsgruppa kultur, reiseliv og oppleving har langt lågare forventingar til året enn på same tid i 2013,  dersom vi ser på den samla indeksen. I mai 2013 låg den samla forventingsindeksen på skyhøge 28 poeng, i mai 2014 har han falle til 12 poeng. I mai 2012 låg indeksen på 17 poeng.  Ser vi nærare på dei fire faktorane som inngår i den samla indeksen, ser vi at både forventingane til omsetnad, tilsetjing og investeringar i mai 2013 var svært optimistiske og låg godt over forventingane i 2012.

Figur 6: Forventingsindeks i kultur, reiseliv og oppleving, målt som differansen mellom dei som ventar auke og dei som ventar nedgang i 2014, med omsyn til omsetnad, lønsemd, tilsette og investeringar. N= 43-54.

Figur 6: Forventingsindeks i kultur, reiseliv og oppleving, målt som differansen mellom dei som ventar auke og dei som ventar nedgang i 2014, med omsyn til omsetnad, lønsemd, tilsette og investeringar. N= 43-54. Kjelde: Bedriftsundersøkinga

I dette perspektivet er ikkje forventingane til omsetnad og lønsemd i mai 2014 spesielt låge – dei ligg nesten på same nivå som i fjor. Når det gjeld forventingane til tilsetjingar og investeringar er reduksjonen vesentleg, noko som i sterk grad medverkar til ein dårleg samla forventingsindeks. Forventingsindeksen for investeringar ligg på minus 11,6 poeng. Dette er lågare enn i mai 2012, då indeksen låg på om lag null.

Kultur, reiseliv og oppleving omfattar reiselivsbransjen og opplevingsbransjen. Reiselivet i Hordaland sett under eitt har ikkje låge forventingar til 2014 i høve til 2013 – som var eit toppår. Det viser intervjuet med reiselivsdirektøren for Hardanger (link «Optimisme blant reiselivsverksemde)) som ser svært lyst på 2014 for sin region. Også Mikkelparken i Kinsarvik (link til Mikkelparken) ser lyst på 2014 som dei ventar vil toppe fleire gode år for den truleg einaste utandørs opplevingsparken i fylket.

Kjelder:

Virke hovudorganisasjonen

SSB. Konjunkturbaromater 2014: http://ssb.no/energi-og-industri/statistikker/kbar