Sogn og Fjordanemeisterskapen i yrkesfag

Onsdag 14. februar gjekk Fylkesmeisterskapen i yrkesfag av stabelen i Sogn og Fjordane. Årets vert var Sogndal vidaregåande skule, og hadde samla rekordmange deltakarar. Heile 133 engasjerte yrkesfagelevar frå 8 skular skulle konkurrere i 20 ulike fag.

Publisert 15.02.18

Vestlandet

Meisterskapa i yrkesfag vert arrangert i regi av World Skills, og bak organisasjonen står NHO, LO, Utdanningsdirektoratet, KS og ein rekke landsforeiningar, fagforbund, opplæringskontor, skuler og fylkeskommunar. Elevane som vel yrkesfag skapar verdiar kvar einaste dag, og når slike meisterskap vert gjennomført får elevane moglegheit til å vise faga sine fram.

I følgje NHOs Kompetansebarometer for 2017 melder 6 av 10 medlemsbedrifter at dei har behov for folk med fagbrev, og at praktisk erfaring er sterkt ettertrakta hos bedriftene. Fleire andre undersøkingar visar også at Norge treng mange tusen nye fagarbeidarar i åra framover.

Yrkesfaga sitt år

2018 er døypt til «Yrkesfaga sitt år», og rektor ved Sogndal vidaregåande skule, Ole Jørgen Øygarden, er stolt over at årets meisterskap går av stabelen ved hans skule.

- Eg meiner det burde vore «Yrkesfagas år» kvart år fram over. Dette for å belyse viktigheita av yrkesfag og det at dette stimulerer til både kreativitet, skaparevne og entreprenørtankegang hos elevane.

Rektor ved Mo og Øyrane vidaregåande skule, Liv Horvei, er også tydeleg stolt over elvane hennar som deltek i årets meisterskap.

- Slike meisterskap er med på å styrke statusen til yrkesfag, og det er noko vi heiar på! Og så gir jo konkurransane sjølvtillit til elevane.

Etter at 20 konkurransar var gjennomført var det tid for utdeling av premiar. Jorunn Fimreite Davidsen, som går kokk- og servitørfag ved Sogndal vidaregåande skule stakk av med førsteplassen saman med klassekompisen Olav Mjell Hofsvik, og er med vidare til NM.

- Det har vore veldig lærerikt og ikkje minst gøy, og eg vil anbefala andre å vere med på dette til neste år.

NHO Vestlandet ønskjer å gratulere alle deltakarar og vinnarar ved årets Fylkesmeisterskap i yrkesfag i Sogn og Fjordane!

8. mars går Fylkesmeisterskapet i yrkesfag i Hordaland av stabelen, og i april er det duka for NM. Vi gler oss allereie!

Sjå under for oversikt over vinnarane i årets meisterskap frå Sogn og Fjordane:

Fag

Skule

Vinnar/vinnarar

Vg2 Anleggsmaskinførar

Mo og Øyrane vgs

Nikolai Ullebø Skår

Vg2/Vg3 Automasjon

Eid vgs

Ole Kristian Flislid Vedvik og Ingar Hjelle

Vg2 Barne og ungdomsarbeidarfag

Flora vgs

Sara Solberg, Roxana Pascu, Yana Ugby og Sandra Leirgulen

Vg2 Betong

Sogndal vgs

Jakob Ruud

Vg2 Bilskade og lakk

Mo og Øyrane vgs

Per Martin Lomheim

Vg2 Design og handverk

Eid vgs

Ingrid Alpen

Vg3 Dataelektronikar

Eid vgs

Michal Åsebø Berg og Mathias Løkkebø Øvreseth

Vg2 Elektrikarfag

Høyanger vgs

Benjamin Wolff

Vg2 Helsearbeidarfag

Måløy vgs

Johanne Vedvik og Julie Nilsen Sundal – HF arbeidarar.

Helene Josefine Beinnes Førde og Birgitte   Sørpoll - pasientar

Vg2 Industriell møbelproduksjon

Eid vgs

Audun Henden

Vg2 Industrimekanikar

Flora vgs

Christoffer Sønnervik

Vg2 kokkfag

Måløy vgs

Sander Øen Omberg og Johanna Magdeli Utvær Petterson

Vg2 Lette køyretøy

Sogndal vgs

Vilius Janulynas

Vg2 Røyrleggjar

Sogndal vgs

Hallvard Ødegård Bjørk

Vg2 Salsfaget

Sogndal vgs

Amalie Grindedal, Sara Nygård Olsen, Martine Linde Hauglund og Julie   Vindedal

Vg2 Servitørfag

Sogndal vgs

Jorunn Fimreite Davidsen og Olav Mjell Hofsvik

Vg2 Sveising

Mo og Øyrane vgs.

Olav Andreas Bøthun

Vg2 Transport og logistikk

Mo og Øyrane vgs

Sivert Bruland

Vg2 Tømrarfag

Mo og Øyrane vgs.

Jørgen Rønne Solås

Vg2 Ventilasjon og blekkslagar

Sogndal vgs

Olav-Martin Aas

Kontakt oss

Ingrid Bertelsen

Rådgiver

NHO Vestlandet

ingrid.bertelsen@nho.no
Mobil
93098207