Global Future Møre og Romsdal

- Eg er litt Starstrucked

Forventningane var store då det andre Global Future-kullet i Møre og Romsdal møtte mentorane sine for første gong.

Mentorer og deltagere med gruppearbeid og diskusjoner.

Publisert 20.01.15

Møre og Romsdal

- Eg ser på denne gruppa som ein familie.

Slik innleiar Patrick Grah frå Elfenbenskysten si meldingsrunde. Rundt han sit 23 andre deltakarar i NHO Møre og Romsdal sitt talentprogram Global Future. Målet med programmet er å mobilisere innvandrarar med høg utdanning til sentrale stillingar og verv i norsk næringsliv. Kompetansen i gruppa spenner vidt frå doktorgrad i astrofysikk til doble mastergrader i språk og logistikk.

Dagen før møtet med mentorane utvekslar deltakarane erfaringar sidan førre samling. Medan ein deltakar har fått 100 prosent stilling i eit rekneskapskontor har ein annan avansert frå konsulent til rådgjevar i si bedrift. Sistnemnde deltakar har òg engasjert seg i fagforeininga og sørgja for betre løn til sine kollegaer.

 Teamarbeid i fokus

 - No har vi data for 14 dagars refleksjon, seier Morten Eikeland frå AFF.

Saman med kollega Elin Mortensen har han losa deltakarane gjennom ei øving i team- og teamleiing. Deltakarane fekk bryne på å gjengi ein legofigur innan eit gitt tidsrom og budsjett. Sjølv om ingen av gruppene lukkast heilt var læringspoenga mange.

- Den største grunnen til at team mislukkast, er at dei ikkje stoppar opp for å reflektere. Vi finner på ting i ettertid for å forklare kvifor ting er blitt gjort – uansett kor gale det har gått, forklarar Eikeland. 

På dag 1 var deltakarane igjennom øvingar som å utarbeide ein karriereplan og drøfte korleis ein kan bygge nettverk – nyttige øvingar før møtet med mentorane.

- Vi har forsøkt å få deltakarane til å stille seg spørsmåla: Har eg kome på rett plass? Kva er det eg trivst med? Her har mentorane ei viktig rolle då dei skal hjelpe deltakarane med framtida, forklarer Mortensen.

- Ein mentor er ikkje ein Nav-rådgjevar

Første sesjon av dag 2 er unnagjort. Adapterer og mentorar har helst på kvarandre, og dei største sommarfuglane er i ferd med å lande.  Dei to skal følgje kvarande over ei periode fram til desember 2015.

Elin Mortensen fortel kva ein mentor ikkje er.

- Ein mentor er ikkje ein Nav-rådgjevar. Mentoren skal ikkje finne deg ein jobb. Den skal støtte deg i prosessen og legge til rette for at du kan gjere dine eigne karriereval.

I neste sesjon blir adapterer og mentorar parvis spreidd til kvar sin krok av Scandic Ålesund. Felles fokus og forventningar blir avklart. I andre øvingar blir det trena på korleis ein bør kommunisere med kvarandre, og korleis mentor og adept fungerer i team med andre par.

- De overgår 80 prosent av den norske befolkning

Dag 2 av samlinga er unnagjort og mentorane deler sine syn på dagen etter at adeptarar har gjort det same.

- Eg er litt starstrucked. De er ein fantastisk gjeng som overgår 80 prosent av den norske befolkning. Hugs det, seier mentor Torgeir Martinussen frå Molde Næringseiendom.

Martinussen illustrerer dermed eit hovudmåla med Global Future, nemleg å synleggjere  kva ressurs og kompetanse gruppa representerer.

Når adapterer og mentorar går kvart til sitt etter samlinga har dei lagt bak seg første steg på ei 11 månadar lang reise.