- Næringslivet har kome lengre enn politikarane

Fredag 9. januar møttes ein komplett Mørebenk og næringsliv til den første Mørebenk-konferansen. På agendaen var problemstillingar som sentralisering, samferdsel og konkurransekraft i framtida.

GOD TONE: Dialogen mellom Mørebenken og næringslivet var både konstruktiv og humørfylt. 

Publisert 12.01.15

Møre og Romsdal

- Alle skal ha nytte av denne dagen.

Slik opna ordstyrar Hans Christian Vadseth (First House) Mørebenk-konferansen. Arrangementet er tenkt å bli eit årleg dialogmøte mellom stortingspolitikarar og næringsliv i regionen. Målet er å samkøyre næringslivet sin bodskap og ansvarleggjere politikarane på tvers av partigrenser.

Verdiskaping og regionalisering

Arnfinn Ingjerd frå Maritimt Forum Nordvest innleia emnet ”Sentralisering og regionalisering”.

- Sentralisering blir sett på som ei løysing på mange områder som blant anna helse, forsking og politi. Vi må behalde dei institusjonane som er naturlege for vårt fylke, sa Ingjerd.

Ingjerd la vekt på at typografi, demografi og næringsliv må vektleggjast i diskusjonen om sentralisering.

- Det er eit paradoks at verdiskapinga er størst der infrastruktur er dårlegast, sa Ingjerd avslutningsvis.

Stortingspolitikar Helge Orten (H) påpeika ei utfordring i Møre og Romsdal.

- Mens Stavanger er sterkast og størst i sin region, og Trondheim i sin region, kjempar våre byar litt mot kvarandre, utdjupa Orten.

Stortingskollega Harald Tom Nesvik (FrP) fylgde opp med at debatten rundt sentralisering bør vris i retning av korleis ein kan utvikle regionen Møre og Romsdal.

- Vi må ha ein sentertankegong, ikkje ein sentraliseringstankegong. Vidare må samferdsel sjåast i samanheng med regionalisering, sa Nesvik.

- Det betyr ikkje noko kva kommunen heiter

Gunvor Ulstein i Ulstein Group ASA var tydleg på si meining rundt sentralisering.

- Vi må byggje Ålesund og Molde saman. Næringslivet har kome lengre enn politikarane her, uttalte Ulstein og sendte ei utfordring til dei lokale politikarane.

- Det betyr ikkje noko kva kommunen heiter. Vi skal bli den mest attraktive regionen. Det er regionen vi skal utvikle vidare. Vi må samsnakke og framsnakke kvarandre”.

Else-May Botten (Ap) var langt på veg samd med Ulstein.

- Det beste med Møre og Romsdal er eit næringsliv som tenkjer på fylket som heilskap, og som tenkjer samfunnsutvikling, sa Botten.

Raskare realisering innan samferdsel

”Korleis sikrar vi hurtig realisering av vedtekne vegprosjekt?” Det var problemstillinga for diskusjonstemaet samferdsel. Her innleia Kjell Sandli frå Næringsforeningen.

Sandli trakk fram Møreaksen og Hafast som viktige samferdselsprosjekt som krev rask realisering.

- Kostnaden for å bygge Hafast-sambandet svarer til tre til fire månadars omsetnad i den maritime klynga, sa Sandli.

Sandli meinte difor ein måtte sjå levetid i samanheng med kostnaden.

- I og med at Hafast er planlagt å vare i 100 år blir kostnaden difor liten sett i samanheng med levetid, sa Sandli.

Jenny Klinge (Sp), tidlegare medlem av transportkomiteen på Stortinget, peika på utfordringar sentralt.

- Det er sterke krefter i Oslo som ikkje forstår viktigheita av ein ferjefri E39. Store løft som Hafast og Møreaksen må fremjast med kunnskap og argumentasjon, sa Klinge.

Monika Eide frå Nordmøre Næringsråd la fram ei muleg løysing for å få fortgong i samferdselsprosjekta.

- Vi må arbeide for at Hafast blir eit pilotprosjekt innan ferjefri E39. Her er det svært viktig å vere tydlege overfor politikarane på Stortinget.

Andre løysningar som blei nemnt var betre planlegging og tilrettelegging av samferdselsprosjekta slik at dei blir ”gryteklare” når pengane er på plass. At staten er avhengig av å få ned talet på innsigingar blei òg framheva.

- Det har vore behov for ein slik arena

Avslutningsvis la Helge Orten (H) vekt på viktigheita av ein arena som Mørebenk-konferansen.

- Dette har vore ein god dag for oss på Mørebenken. Det har vore behov for ein slik arena, sa Orten på vegne av stortingsrepresentantane.

- Vi på Mørebenken ynskjer å ta dette vidare. Ved å inkludere aktørar frå det offentlege kan vi påvise utfordringar og synergiar på tvers, avslutta Orten.

Mørebenk-konferansen var arrangert av Ålesund Kunnskapspark, NHO Møre og Romsdal, Maritimt Forum Nordvest og Næringslivsforeningen i Ålesundsregionen.