13 prosent fleire arbeidslause det siste året

Det er på Vestlandet det har vore størst auke i arbeidsløysa. Møre og Romsdal har hatt den største auka blant fylka det siste året med ei auke på 13,2 prosent. Andre Vestlandsfylker som Rogaland og Hordaland har og hatt ei auke på over 11 prosent, mens Sogn og Fjordane skil seg ut med ein nedgang i arbeidsløysa på over 11 prosent det siste året. Ser vi på heile landet er det ein nedgang det siste året på 2,7 prosent.

Publisert 01.11.16

Møre og Romsdal

 I vårt fylke har vi best utvikling denne månaden der arbeidsløysa frå før er låg, mens den stig i områda der den er høg. Både Molde og Ålesund har hatt nedgang i arbeidsløysa den siste månedan, mens Kristiansund og område Herøy/Ulstein/Hareid har ei auke, seier fylkesdirektør Stein Veland.

I oktober  2016 er det 4 281 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 3,0 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 13,2 prosent frå same månad i fjor.

I oktober 2016 har vi 798 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 283 fleire enn i oktober 2015. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 5 079 personar i fylket. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,2 prosent for kvinner og 3,7 prosent for menn.

I landet er det 77 822 heilt arbeidslause. Dette er 2,8 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 2,7 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga her.