307 færre ledige i september

Det er 307 færre ledige i vårt fylke i september, samanlikna med august. Ser vi derimot på dei sesongjusterte tala viser dei at Møre og Romsdal har hatt ei auke i arbeidsløysa i same periode på 175. Det er ei svakare utvikling enn i landet der arbeidsløysa går ned med om lag 500. Denne utviklinga kjem også fram i tala som viser at det nå er større sprik mellom arbeidsløyseprosenten i Møre og Romsdal og landet.

Publisert 04.10.16

Møre og Romsdal

Det er samstundes ei positiv utvikling i områda i fylket som har hatt høgast arbeidsløyse. Tabellen på side 3 viser at både Kristiansund og området Herøy/Ulstein/Hareid har ei betre utvikling enn fylke den siste månaden, seier fylkesdirektør Stein Veland.

I september  2016 er det 4 264 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 3,0 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 18,8 prosent frå same månad i fjor.

I september 2016 har vi 692 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 221 fleire enn i september 2015. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 4 956 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,3 prosent for kvinner og 3,6 prosent for menn.

I landet er det 78 513 heilt arbeidslause. Dette er 2,8 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 1,4 prosent samanlikna med same periode i fjor.

 Sjå heile pressemeldinga her.