805 færre arbeidslause siste året

Talet på arbeidslause har gått ned med nesten 100 den siste månaden.

#205

Arbeidsmarknaden i regionen er i bedring, viser tal frå NAV.

Publisert 03.11.17

Møre og Romsdal

I oktober  2017 er det 3 476 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer 2,5 prosent av arbeidsstokken og er ein nedgang i arbeidsløysa på 18,8 prosent frå same månad i fjor.

- Det som er spesielt gledeleg denne månaden er nedgangen i arbeidsløysa både i Kristiansund og i området Herøy, Ulstein og Hareid, seier fylkesdirektør Stein Veland.

I oktober 2017 har vi 1 114 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 316 fleire enn i oktober 2016. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 4 590 personar i fylket. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 1,8 prosent for kvinner og 3,0 prosent for menn.

I landet er det 66 012 heilt arbeidslause. Dette er 2,4 prosent av arbeidsstokken, og er ein nedgang på 15,2 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga frå NAV her.