Omtrent same nivå på arbeidsløysa i april

Den siste månaden har vi ikkje dei store endringane i arbeidsløysa i Møre og Romsdal. Justert for vanlege sesongvariasjonar har vi ein nedgang i arbeidsløysa den siste månaden på 18, ei litt svakare utvikling enn i resten av landet der nedgangen er rundt 1000.

Publisert 02.05.16

Møre og Romsdal

I vårt fylke er det på Nordmøre det er høgast arbeidsløyse med 3,6 prosent. Dette kjem av at Kristiansund har ei arbeidsløyse på 5,5 prosent, høgast blant kommunane i Fylket. Dei andre kommunane på Nordmøre har låg arbeidsløyse, frå 2,7 til 1,5 prosent , seier fylkesdirektør Stein Veland i ei pressemelding frå NAV Møre og Romsdal.

I april  2016 er det 4 610 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det utgjer til 3,3 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 35,7  prosent frå same månad i fjor.

I april 2016 har vi 869 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 203 fleire enn i april 2015. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 5 479 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,4 prosent for kvinner og 4,1 prosent for menn.

I landet er det 85 471 heilt arbeidslause. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 7,3  prosent samanlikna med same periode i fjor.

Sjå heile pressemeldinga her