Pressemelding fra NAV

Auke i arbeidsløysa

Arbeidsløysa har vore stabil gjennom 2. halvår 2014, men siste månaden ser vi at sesongjustert arbeidsløyse har ei auke på over 100. Talla som viser utvikla for sesongjustert arbeidsløyse tilbake til 2000 syner at dette er ei lita auke sett i eit historisk perspektiv. Januar er ein månad som alltid har mange arbeidslause samanlikna med andre månader. Den nedste figuren syner at faktisk tal på arbeidslause har auka mykje frå desember i fjor til januar. Normalt vil faktisk arbeidsløysa gå ned utover våren, med på grunn av blant anna konsekvensar av lågare oljepris er det spenning knytt til utviklinga utover våren, seier fylkesdirektør Stein Veland.

Publisert 02.02.15

Møre og Romsdal

I januar 2015 er det 3 547 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,6 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på  8,9 prosent frå same månad i fjor.

I januar 2015 har vi 501 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 179 færre enn i januar 2014. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 4 048 personar i fylke. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,3 prosent for kvinner og 2,9 prosent for menn.     

I landet er det 82 577 heilt ledige. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 3,2 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Les heile pressemeldinga her.