Pressemelding fra     NAV Møre og Romsdal

Fallande trend i arbeidsløysa i 2014

Både den sesongjusterte arbeidsløysa og faktisk arbeidsløyse har ein fallande trend nå i 2014.Fortastt er det bare små justeringar, og det vil seie, som figuren under viser, at arbeidsløysa har vore omtrent heilt stabil sidan 2009, seier Stein Veland, Fylkesdirektør i NAV Møre og Romsdal.

Publisert 06.05.14

Møre og Romsdal

I april 2014 er det 2 945 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,2 prosent av arbeidsstokken og er ei auke i arbeidsløysa på 7,8 prosent frå same månad i fjor.

I april 2014 har vi 772 arbeidssøkjarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 194 færre enn i april 2013. Til saman gjev dette ei brutto arbeidsløyse på 3 717 personar i fylke.NAV prioriterer nå arbeidsmarknadstiltaka høgare til brukarar som står så langt unna arbeidslivet at dei ikkje tel med i statestikken over ledige. Det gjer at vi har litt mindre arbeidsmarknadstiltak til dei som står nærmare arbeidsmarknaden og som tel med i statestikken over ledige. Samanlikna med i fjor har vi rundt 200 færre på tiltak i den sistnemnte gruppa, og tek vi omsyn til denne skilnaden er arbeidsløysa omtrent den same no som for eit år sidan.

Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,0 prosent for kvinner og 2,3 prosent for menn.

I landet er det 74 625 heilt ledige. Dette er 2,8 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 8,7 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Se hele pressemeldingen her.